Ryfylkepuls
Favorittsendingar
Morosamt
Pulserande
Direkte
I august 2021 blei den første Ryfylkepuls-sendinga lansert, med premiere frå Jørpeland. Sidan den gong har me vore høgt og lågt, i små krikar og krokar, i småbyar og ikkje minst møtt mange herlege folk. Mange!!! Om tida går, er det alltid kjekt å sjå tidlegare sendingar.
Du finn alle våre sendingar på Ryfylkealliansen sin YouTube-kanal.
Her er uansett tre av våre favorittsendingar. Det er både pulserande og skikkeleg løye.
JUNI 2024
FOLK I RYFYLKE SER LYST PÅ LIVET
Å ha det bra og trivast er noko alle ønskjer for seg og sine. Ei undersøkjing gjort av Folkehelseinstituttet viser at folk i Ryfylke er tilfreds med livet og har positive kjensler. Me har i denne episoden av Ryfylkepuls tatt ein prat med både lukkelege ryfylkingar og forskaren som slår fast at lukka i livet finn du i Ryfylke.
MAI 2024
RYFYLKEPULS BLANT RYFYLKEUNGDOM OG BERGENSERAR
Ein god del av ryfylkeungdomane som skal ta høgare utdanning, reiser til storbyar rundt i Norge. Denne sendinga av Ryfylkepuls besøkjer studentar i Bergen som kjem frå Ryfylke. Me lurer på korleis dei har det som studentar, og kva som eventuelt må til for at dei vil flytta heim igjen.

AUGUST 2023
PREIKESTOLEN SPESIAL
Fotograf Bjørn Inge og reporter Tor Øyvind tar verkeleg pulsen på både turistar og dei som tar imot turistane i Preikestolområdet. Det er både romantisk, småampert, engasjerande og vakkert på ein gong. Pakk sekken og bli med på tur.