Pilt-Ola

Ein takk tilbake

Modige vinnarar

Gjev ryfylkepris

I Pilt-Ola si ånd

Pilt-Ola prisen er ein pris som går til personar som har bidratt til positiv utvikling i og for Ryfylke. Prisen er kalla opp etter husmannssonen Ole Olsen Sangesand (1779-1858), som kom frå Lysefjorden. Han arbeidde heile livet med eitt mål for auga: Å skaffa folk betre levekår og nok mat. Ideane hans var både nyskapande og dristige, og saman med ein utradisjonell livsstil, skapte Ole Olsen Sangesand (Pilt-Ola) seg eit namn som fekk kjendisstatus i Norge i første halvdel av 1800-talet. Pilt-Ola prisen skaper nye gode, forteljingar om folk som har våga, lukkast, hatt utfordringar, men har kome tilbake. Den første Pilt-Ola prisen blei delt ut i 2017.

VINNAR AV PILT-OLA PRISEN 2023

ERIK DANIELSEN

Erik Danielsen er ingen typisk fylkeskommunal administrator. Han vil ha fortgang og resultat, og gjev klar beskjed kva han meiner og kva han trur vil verka. Derfor har han lukkast som leiar og medmenneske, og er til inspirasjon for mange i og utanfor Ryfylke.  

Erik Danielsen er ein verdig vinnar av Pilt-Ola prisen 2023!  

PILT-OLA PRISEN 2022

PER INGE FJELLHEIM

Vinnaren av Pilt-Ola prisen 2022 har i årevis lagt til rette for opplevingar og turgleder for tusenvis av menneske. Med tungt fysisk arbeid, blikk for organisering og teft for å få med samarbeidspartnarar, har han skapt eit storstilt arrangement i Ryfylke, som nå er kjent i heile Norge.

PILT-OLA PRISEN 2021

GUNVOR FISKÅ

Årets vinnar av Pilt-Ola-prisen er ei kvinne med samfunnsengasjement på høgt nivå.

Ho har alltid vore oppteken av å få ungdom i arbeid, at verksemda skal ha lærlingar og at alle tilsette stadig skal få lære meir.

PILT-OLA PRISEN 2020

JAN TERJE VIGNES

Årets vinnar er ein ekte Pilt-Ola! Han tenkjer stort. Han kan 10-gangen. Han bygde først 3.000 kvadratmeter drivhus, så 30. 000 kvadratmeter! Han vil at folk skal få god og sunn mat. Han løftar ein heil bransje. Han er ein samfunnsbyggjar. Og han har møtt kongen. Ikkje som Pilt-Ola med en reinflokk over fjellet, men i Lauvsnes Gartneri, heime på Finnøy i Ryfylke.

PILT-OLA PRISEN 2019

MAGNHILD MELTVEIT KLEPPA

“Der det er vilje, der er det veg,” sa ho seinhaustes 2012, då ho stakk spaden i jorda på Solbakk og slik offisielt starta arbeidet med Ryfast. Då var Magnhild Meltveit Kleppa stortingsrepresentant, men då vedtaket om Ryfast blei fatta i Stortinget i juni same året var ho samferdselsminister.

STATUTTAR FOR "PILT-OLA PRISEN"

Pilt-Ola prisen blei stifta av Ryfylkealliansen under Arena Ryfylke 10. november 2016.

Statuttar blei vedtatt av styret i Ryfylkealliansen 12.06.2017.

Ryfylkealliansen er ein medlemsorganisasjon som formelt er ei satsing knytta til Ryfylke IKS. På den måten er Ryfylkealliansen forankra i det formaliserte interkommunale samarbeidet i Ryfylke

Ole Olsen Sangesand (1779-1858) var husmannsson, kom frå Lysefjorden og blei viktig i bygginga av nasjonen Norge etter 1814. Heile livet arbeidde han med eitt mål for auga: Skaffa folk betre levekår og nok mat! Ideane hans var både nyskapande og dristige, og saman med ein utradisjonell livsstil, skapte Ole O. Sangesand seg eit namn som blei kjent over heile landet. ”Pilt-Ola” var det folk oftast kalla han, og det tilnamnet levde han godt med.

§ 1

Pilt-Ola-prisen er ein pris i Pilt-Ola si ånd, der ein set fokus på verdiar, visjonar og strategiar. Ole Olsen Sangesand blei kjend for. Ryfylkealliansen kan dela ut prisen årleg, gjerne under arrangementet «Arena Ryfylke».

§ 2

Prisen skal gå til enkeltpersonar som har bidratt til positiv utvikling i og for Ryfylke , som har sett spor etter seg ved å tenkja nytt, ved å våga å ta risiko, som har lukkast og som har ei god forteljing i Pilt-Ola si ånd. Like mykje som tiltak innan næring og økonomisk verdiskaping, kan det leggast vekt på samfunnsmessige og (andre) allmenne tiltak.

I vurderinga av kandidatar kan det leggast vekt på:

- At kandidaten sitt virke og hans/hennar forteljing liknar på dei verdiar, visjonar eller strategiar Pilt-Ola sjølv representerte. Vinnaren blir heidra for å bera vidare ein arv frå Pilt-Ola.

- At kandidaten ikkje har gitt opp trass i motbakkar

- At kandidaten kan inspirera til fornyande og framtidsretta innsats i og for Ryfylke

- At kandidaten sitt prosjekt eller forteljing har eit universelt perspektiv

- At tildelinga gir god marknadseffekt for Ryfylke.

Forståinga av Ryfylke skal vere vid.

§ 3

Innan ein frist fastsett av styret i Ryfylkealliansen kan medlemmene i Ryfylkealliansen føreslå kandidatar. Kandidaten treng ikkje vera medlem av Ryfylkealliansen. Forslag må vera grunngitt ut frå kriteria i § 2.

Styret i Ryfylkealliansen kan óg føreslå kandidatar.

§ 4

Ein jury på 3-5 personar, utpeika av styret i Ryfylkealliansen for to år om gongen, bestemmer kven som får prisen. Jurymedlemmene skal kjenna til historia om Pilt-Ola og ha god kjennskap til nærings- og samfunnsliv i Ryfylke. Ikkje meir enn ein av jurymedlemmene kan vera styremedlem i Ryfylkealliansen, og han/ho kan ikkje vera juryleiar.

§ 5

Prisen skal ha høg kvalitet, som til dømes eitt av Svein Magnus Håvarstein sine arbeid knytt til Pilt-Ola.

§ 6

Styret i Ryfylkealliansen forvaltar desse statuttane og vedtar også endringar. Endringane må vera i tråd med Pilt-Ola si ånd, ref. § 1. § 1 kan ikkje endrast.

Ved ei eventuell framtidig endring av det formelt organiserte interkommunale samarbeidet i Ryfylke, har Ryfylke IKS eit særskilt ansvar for at Pilt-Ola prisen får ei god ryfylkeforankring.

Vinnar 2022
Per Inge Fjellheim Vinnaren av Pilt-Ola prisen 2022 har i årevis lagt til rette for opplevingar og turgleder for tusenvis av menneske. Med tungt fysisk arbeid, blikk for organisering og teft for å få med samarbeidspartnarar, har han skapt eit storstilt arrangement i Ryfylke, som nå er kjent i heile Norge.
Vinnar 2021
Gunvor Fiskå Årets vinnar av Pilt-Ola-prisen er ei kvinne med samfunnsengasjement på høgt nivå. Ho har alltid vore oppteken av å få ungdom i arbeid, at verksemda skal ha lærlingar og at alle tilsette stadig skal få lære meir.
Vinnar 2020
Jan Terje Vignes Årets vinnar er ein ekte Pilt-Ola! Han tenkjer stort. Han kan 10-gangen. Han bygde først 3.000 kvadratmeter drivhus, så 30. 000 kvadratmeter! Han vil at folk skal få god og sunn mat. Han løftar ein heil bransje. Han er ein samfunnsbyggjar. Og han har møtt kongen. Ikkje som Pilt-Ola med en reinflokk over fjellet, men i Lauvsnes Gartneri, heime på Finnøy i Ryfylke.
Vinnar 2019
Magnhild Meltveit Kleppa “Der det er vilje, der er det veg,” sa ho seinhaustes 2012, då ho stakk spaden i jorda på Solbakk og slik offisielt starta arbeidet med Ryfast. Då var Magnhild Meltveit Kleppa stortingsrepresentant, men då vedtaket om Ryfast blei fatta i Stortinget i juni same året var ho samferdselsminister.
Statuttar

STATUTTAR FOR “PILT-OLA PRISEN”

Pilt-Ola prisen blei stifta av Ryfylkealliansen under Arena Ryfylke 10. november 2016.

Statuttar blei vedtatt av styret i Ryfylkealliansen 12.06.2017.

Ryfylkealliansen er ein medlemsorganisasjon som formelt er ei satsing knytta til Ryfylke IKS. På den måten er Ryfylkealliansen forankra i det formaliserte interkommunale samarbeidet i Ryfylke

Ole Olsen Sangesand (1779-1858) var husmannsson, kom frå Lysefjorden og blei viktig i bygginga av nasjonen Norge etter 1814. Heile livet arbeidde han med eitt mål for auga: Skaffa folk betre levekår og nok mat! Ideane hans var både nyskapande og dristige, og saman med ein utradisjonell livsstil, skapte Ole O. Sangesand seg eit namn som blei kjent over heile landet. ”Pilt-Ola” var det folk oftast kalla han, og det tilnamnet levde han godt med.

§ 1

Pilt-Ola-prisen er ein pris i Pilt-Ola si ånd, der ein set fokus på verdiar, visjonar og strategiar. Ole Olsen Sangesand blei kjend for. Ryfylkealliansen kan dela ut prisen årleg, gjerne under arrangementet «Arena Ryfylke».

§ 2

Prisen skal gå til enkeltpersonar som har bidratt til positiv utvikling i og for Ryfylke , som har sett spor etter seg ved å tenkja nytt, ved å våga å ta risiko, som har lukkast og som har ei god forteljing i Pilt-Ola si ånd. Like mykje som tiltak innan næring og økonomisk verdiskaping, kan det leggast vekt på samfunnsmessige og (andre) allmenne tiltak.

I vurderinga av kandidatar kan det leggast vekt på:

– At kandidaten sitt virke og hans/hennar forteljing liknar på dei verdiar, visjonar eller strategiar Pilt-Ola sjølv representerte. Vinnaren blir heidra for å bera vidare ein arv frå Pilt-Ola.

– At kandidaten ikkje har gitt opp trass i motbakkar

– At kandidaten kan inspirera til fornyande og framtidsretta innsats i og for Ryfylke

– At kandidaten sitt prosjekt eller forteljing har eit universelt perspektiv

– At tildelinga gir god marknadseffekt for Ryfylke.

Pilt Ola