Quiz som engasjerer

ungdom

For åttande klasse

Engasjerande læring om Ryfylke

Direktesendt finale

Finnøy til topps i Ryfylkequizen

Finnøy skule sigra på heimebane då den direktesende quizfinalen blei arrangert onsdag 21. mai. Kunnskapsnivået, stemninga og spenninga var i høgaste laget i Finnøy Fleirbrukshall då åttande klassingane frå heile Ryfylke var samla til venskapleg og skikkeleg quizdyst.

For tiande året på rad blei quizen arrangert, og Rogaland Sparebank delte ut rause sjekkar til dei tre beste laga, Finnøy, Tryggheim Strand og Sand.

Du kan sjå heile finalen her:

Møt også vinnarlaget her:

Ung Ryfylkehelt

Vilmer Teig mottok prisen Ung Ryfylkehelt!

Under den direktesendte Ryfylkequizfinalen på Finnøy 21. mai, skulle det delast ut ein gjev pris til ein Ung Ryfylkehelt. 10 000 kroner skulle tildelast ein ungdom fødd mellom 2002 og 2011 som har delteke på quizen, og som har gjort noko bra – det kunne vera søppelhenting, tatt seg av naboen, gründer, utført ein bragd eller kva som helst. Sissel Marie Bjerga, styreleiar i Ryfylkealliansen, og Maren Apeland Breiland, kunderådgjevar i Rogaland Sparebank, var tilstades for å dela ut prisen.

Ryfylkealliansen gratulerer Vilmer Teig med velfortent pris Ung Ryfylkehelt.

Les meir her.

Rogaland Sparebank er med på laget!

Me satsar på Ryfylkeungdomen!

Ungdomen er framtida, og me bryr oss om ungdomen i Ryfylke! Hjelmeland Sparebank har vore med når Ryfylkealliansen har invitert til Ryfylkequiz, heilt sidan 2016. Nye Rogaland Sparebank ønskjer sjølvsagt å fortsetja det gode samarbeidet, og det er ei stor æra å få vera med når 8. klassingane konkurrerer om kven som veit mest om regionen dei bur i.

Me har late oss imponera over alt ungdomen kan og engasjerer seg i når det gjeld Ryfylke. Det er stor stas for oss som bank å få vera med og bidra til at ungdomen motiverast til å tileigna seg meir kunnskap om Ryfylke, og gir mellom anna pengepremie til dei tre beste laga i quizen.

Ryfylke er ein fantastisk plass å bu, og det største ønsket vårt er at ungdomane ser føre seg ei framtid her. Reis gjerne ut for opplevingar og utdanning, men me håpar at dagens ungdom ser alle moglegheitene som er i Ryfylke, og at dei får lyst til å busetja seg her i framtida.

Neste gong me møter quizfinalistane, spør dei gjerne om lån til å etablere seg i Ryfylke. Då vil me i Rogaland Sparebank satse på dykk igjen, og håpar me blir dykkar bank for framtida. 

Lukke til med årets Ryfylkequiz!

Kathrine Svalestad Veland
Banksjef Rogaland Sparebank, avd. Ryfylke

Ryfylkequizen blir gjort mogleg av:

Sauda kommune

Suldal kommune

Hjelmeland kommune

Strand kommune

Sandnes kommune

Stavanger kommune

Vinnarar av Ryfylkequizen 2024

Årets quizvinnarar gjorde reint bord og fekk 93 av 93 moglege poeng. Finnøy skule kan med det kalla seg Quizmeistrar! Spenninga var til å ta og føla på, kunnskapsnivået skyhøgt og engasjementet stort.

Tidlegare Vinnarar:

2016 – Sand
2017 – Tau
2018 – Hjelmeland
2019 – Hjelmeland
2020 – Sauda
2021 – Hjelmeland
2022 – Sand
2023 – Tau
2024 – Finnøy

Pensum 2025

CLOSE ACCORDION
Samarbeidspartnarar

Ryfylkequizen blir gjort mogleg av:

 

Sauda kommune

Suldal kommune

Hjelmeland kommune

Strand kommune

Sandnes kommune

Stavanger kommune

Vinnarar

Vinnarar av Ryfylkequizen 2024

Årets quizvinnarar gjorde reint bord og fekk 93 av 93 moglege poeng. Finnøy skule kan med det kalla seg Quizmeistrar! Spenninga var til å ta og føla på, kunnskapsnivået skyhøgt og engasjementet stort.

Tidlegare vinnarar:
2016 – Sand
2017 – Tau
2018 – Hjelmeland
2019 – Hjelmeland
2020 – Sauda
2021 – Hjelmeland
2022 – Sand
2023 – Tau
2024 – Finnøy

Pensum 2025
Sending 2024