Podkast:

På ekta

Nære møte

Spennande historier

Kvardagsglede i Ryfylke

Det blir galskap og glede, tårer og latter, jordnært og ærleg. Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen og herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.

Nå er ein ny episode ute. Der møter me ei uredd kvinne frå Rennesøy. Ho blei mor som 16-åring, utan at det blei eit stort hinder. Ein trøkk i jobblivet fekk henne ut på tur. Og motgang som gründer skremmer henne ikkje til å starta noko nytt. Møt Helene Austbø frå Rennesøy, som først og fremst ønskjer å byggja robuste lokalsamfunn. Men, kvifor vil ho ikkje syngja duett på tur?

Podkasten høyrer du her på nettsida, eller på Spotify og Apple Podcast.

«På Ekta» er eit samarbeid med Sparebanken Norge.