Ein inspirerande møteplass

Ryfylkekonferansen

Årleg storsamling

Ryfylkeentusiasme og ryfylkemat

Bedriftsbesøk og prisutdeling

OPTIMISME OG MODIGE SATSINGAR

Trøkk, vilje, fellesskap og nytenking. Sentrumsutvikling, offensivt landbruk, nye former for rekruttering og samarbeid. Samtidig må det vera godt nok kollektivtilbod og vilje til satsing på distrikta. Dette er nokre av stikkorda under Ryfylkekonferansen 2026. Gled deg til november!

Årets konferanse blir med Ryfylkeøyane som base 9. og 10. november. Rygerelektra vil også i år bli brukt som konferanselokale og transportmiddel frå morgon til ettermiddag første dagen. Det blir spennande innlegg, aktuelle saker og stopp undervegs. “ Fellesskap og satsingar i praksis” – me tar ein studietur til øyperla Fogn med 363 innbyggjarar. På ettermiddagen blir det festmiddagen med Ryfylkekokken og utdeling av Pilt-Ola pris på Arena Utsyn. Moglegheit for overnatting, sjå info i program/invitasjon under.

Dag to, den 10. november er på Arena Utsyn. Landbrukssatsingar, sløydløft, ny giv i reiseliv og matutdanning og eit utdanningssenter med solid breidd. Vel, det er berre nokre stikkord.

Under kan du lesa meir om programmet. Programmet er tilpassa rutetider med båt, og også ekstrabåtar. 

Link til påmelding ligg under her.

Det kan bli justeringar heilt fram til konferansestart. 

Ryfylkekonferansen passar for alle som er opptatt av og nysgjerrige på næringsutvikling, bulyst og utvikling av Ryfylke.

Arrangørar er Ryfylkealliansen, Ryfylke IKS og Næringsforeningen i Stavanger-regionen.

9. og 10. november 2026 Ryfylkeøyane