Avisfest i Ryfylke – men heng ungdomen med?

27 mar, 2026

Gratulerer med 100 år! Ja, avisa Ryfylke i Sauda er den klart eldste avisa i Ryfylke. Og Suldalsposten er 50 år, men den finn du nå berre på internett. Er papiravisa i ferd med å døy? Forresten, les ungdom i Ryfylke lokalaviser?

I Sauda feirar altså lokalavisa Ryfylke heile 100 år i år. Gjennom eit hundreår har avisa formidla små og store hendingar frå lokalsamfunnet, og vore eit viktig medium for informasjon, debatt og identitet. Jubileet er både ein historisk milepæl og eit høve til å reflektera over kva posisjon lokalavisene har og har hatt. Men, kva med framtida? Blir den heildigital og kva ønskjer ungdomen i Ryfylke?

I Suldal tok Suldalsposten steget fullt ut for to år sidan og blei ei heildigital avis. Papirutgåva er historie, og lesarane må no finna nyheitene sine på nett. Til glede og ergring.

Men kva med ungdomen? Ryfylkepuls har snakka med elevar frå heile Ryfylke, og svara er samansette. Nokon følgjer med i lokalavisene, enten via mor sitt abonnement på nettavisa, på veg heim etter å ha plukka opp avisa i postkassen, eller heima hos mormor. Andre les ikkje aviser, og får lokale nyheiter med seg via andre. Ungdomane peikar på at korte videoar og raske oppdateringar konkurrerer med dei lengre avisartiklane. Kanskje er lokalavisene snart å finna på sosiale medium som Snapchat og TikTok? Ungdomane er uansett samstemde om at lokalavisene framleis har ein viktig funksjon, særleg når det gjeld å halda oversikt over det som skjer i nærområdet.

Redaktørar og journalistar me har møtt, understrekar nettopp dette: Trass i endra vanar er behovet for lokal informasjon like stort som før, eller som redaktør Esther Moe i Suldalsposten seier: Folk er opptatt av liv og død og sånn.

Denne sendinga av Ryfylkepuls byr på både tilbakeblikk og framtidsperspektiv. Frå hundreårsjubilanten i Sauda til digitale satsingar i Suldal – og ikkje minst ungdomen sine tankar om nyheiter og mediebruk.

Sjå sendinga her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no
Du kan også sjå Ryfylkepuls på TV Vest – Forside