Avløysarar feirar med julebord

20 des, 2024

Aldri før har så mange ungdomar i Ryfylke tatt avløysarkurs. Ja, det er blitt populært å jobba på gard, og ganske så smart å ha på CV-en. Då er det all grunn til å feira med eit skikkeleg ungt avløysar-julebord.

Arne Madland er dagleg leiar i Ryfylke Landbrukstenester og smiler breitt når han fortel om rekordmange ungdomar på avløysarkurs i haust. 70 tiandeklassingar i Ryfylke ønskjer å læra meir om bondeyrket og jobba på gard. Ja, det er faktisk så mange at ein har måtte leita ekstra godt for å få nok bønder og gardar kor avløysarane kan ha praksis. I Ryfylkepuls blir me med Maren Spanne og Kaja Flatebø Rørtveit på jobb hos bonde Erik Bleie på Finnøy.  Ungdomane likar jobben godt, sjølv om det også betyr grytidlege morgonar. – Men, dette er noko næringslivet generelt legg merke til, forklarer Arne Madland. For det er ein styrke som jobbsøkjar å skilta med erfaring som avløysar på CV-en sin. Då blir ein rekna som  ein du kan stola på, som stiller opp og tar i eit tak.

– Akkurat det merka eg sjølv, då eg var på jobbintervjua på XXL i Lyngdal. Då eg fortalde at eg hadde erfaring som avløysar, ja då ville dei ha ein bonde med på laget, gliser 17 år gamle Magnus Emil Berge. Han går på vidaregåande skule i Lyngdal, men kjem heim enkelte helgar for å jobba på garden til Magna Landa Eggebø på Finnøy. Her har Magnus Emil vore avløysar sidan han var 13 år. Sjølvsagt har han tatt avløysarkurset, noko også Magne tok i sin ungdom. Dette har gitt gode erfaringar, både når det gjeld arbeidsliv og korleis ta vare på arbeidarar. 

For saman med to andre bønder på øya, arrangerer Magne julebord kvart år for sine avløysarar. “Firma flest har jo julebord for sine tilsette, så kvifor skal ikkje me?”, seier Magne. Avløysarane set i alle fall stor pris på ei slik tilstelling og gjer det dei kan for å koma heim til årets julebord, enten det er heim frå vidaregåande skular eller militæret. 

Ryfylkepuls har vore på gardsbesøk på Finnøy, og fekk også vera med på julebordet. Og både blant folk og fe var det god stemning! Sendinga ser du her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no

Magnus Emil stortrivst med jobben som avløysar.
Bonde Erik er godt nøgd med jobben Kaja og Maren gjer som avløysarar i fjøset hans.