Elevane lovprisar Sauda vgs! 

30 aug, 2024

Eit nytt skuleår er i gang og elevane ved Sauda vgs stortrivst ved skulestart. 

Dei kjem frå fjern og nær, frå Harstad i nord til Sokndal i sør. Elevane altså. 470 ungdomar. Og av alle vidaregåande skulane i Norge, så er det altså Sauda vgs lengst inn i fjordane i Ryfylke dei vel å gå på. Kva er det som gjer det? Me har vore og tatt pulsen blant elevane nå i oppstarten, og dei er samde om eitt punkt: lærarane er ein viktig grunn for at dei trivst så godt. Dei er trygge, til stades, engasjerte og dedikerte. Ein elev går også så langt som å kalla læraren for psykologen sin. For ein kjem tett på kvarandre på ein slik skule.  

Rektor Dag Bjønnes ved Sauda vgs er nøgd med oppstarten. Dei kallar det “mjuk skulestart” og har fokus på å bli kjende og bli trygge. Det gjeld både overfor andre elevar, lærarar, skulen og Sauda. Det er mange tilreisande, men også fleire frå Sauda og Suldal. I Sauda er det mange møteplassar der elevane kan treffast utanom skuletida. “Kvar elev er verdifull for oss” seier Dag Bjønnes, og det virkar det verkeleg som skulen viser.