Globalt Ryfylke-fellesskap

30 mai, 2025

Med seljefløyter, bålpannekake og natursti ristar suldølen innflyttarar og innfødde saman. Ryfylkepuls blei med då folk frå Eritrea, Sudan, Suldal og Stavanger møttest i ei spesiell aktivitetsløype.

Sand Bygdekvinnelag og Naturvernforbundet i Suldal har fleire oppskrifter på korleis innflyttarar frå fjern og nær kan bli kjent med lokalsamfunn og kvarandre.

“Utan dette mangfaldet er me fattige” seier Grete Holmboe, leiar av Sand Bygdekvinnelag. Det var høgt aktivitetsnivå, røyk frå bålet og glede då me fekk vera med på denne dagen. Ikkje minst var det populært for ungane då Jarle Halgunset og Ola Hauge skulle læra dei å spikka seljefløyte på suldølsk vis, med ultralokal regle. Jarle lét seg imponera av lærevilja hos ungane.

I nyaste utgåve av Ryfylkepuls hekta me oss altså på eit positivt ryfylkeinternasjonalt konsept.

Me tar også eit lite tilbakeblikk på jubileumsfinalen til Ryfylkequiz på Finnøy i mai. Sendinga ser du her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her.

Og veit du? Nå kan du også sjå Ryfylkepuls på tvvest.no.