Høgrøysta familieglede

9 aug, 2024

Det kan gå ei kule varmt både jamt og trutt mellom Maren og faren. Men, ein god diskusjon kan både vera godt og klargjerande. Møt Maren Fossaa Viga, som nå overtar den familiebedrifta ho slettes ikkje hadde tenkt å jobba i.

Dei er Norges beste produsent av røykelaks. Det har Mikals Laks synlege bevis for, år etter år. Mikal O. Viga og Astrid Fossaa Viga har sett Ryfylke på kartet, med sine produkt. Og nå 32 år gamle Maren Fossaa Viga, har vakse opp med røykelaks på maten, bokstaveleg tala.  Men, ein ting var ho sikker på; ho skulle ikkje flytta tilbake til Hjelmeland og slettes ikkje jobba ved Mikals Laks når ho blei vaksen. Vel, april overtok ho som dagleg leiar av familiebedrifta og er på veg til å flytta «himøve» til Hjelmeland. Kva skjedde på vegen? Og korfor vil ho vera sjef for mor og far?

Historia til Maren er både interessant og morosam, med ein brautande far og ei strukturert mor, som har skapt ein trygg og god oppvekst, samt lært henne kva «høgt under taket» betyr. Bli med til Skiftun i Hjelmeland og i produksjonen av røykelaks. Det blir friske fråspark, høglydt diskusjon, stolt far, ærleg dotter og røykelaks til lunsj i denne utgåva av På Ekta.
– Ingen har pusha meg til å overta, seier Maren Fossaa Viga tydeleg, og ser for seg ei lang arbeidsframtid med laks i Hjelmeland.

På biletet over: Maren Fossaa Viga og far Mikal O Viga