Ho driv med tydeleg, men venleg vaksenkjeft. Anne Langeland Bratthammer kan gjerne bu i Ryfylke resten av livet, men ikkje for ein kvar pris.
– Me ungdomar er opne for alle moglegheiter. Det må bedriftene og kommunane ta inn over seg. Ja, me kan ha lyst å flytta heim. Men, det er ikkje gratis. Det er dei som må investera i oss.
Anne Langeland Bratthammer er ei sterk røyst, som ikkje går av vegen for å meina. Og ikkje minst meina om kva som skal til for at fleire unge vel å flytta heim til eller for første gong til Ryfylke.
– Bedriftene må kjempa for arbeidskrafta og ikkje motsett. Me er opne for kva framtida bringar. Sjølv om det kan høyrast ut som om eg vil bur her resten av livet, så er eg likevel open for kva som hender.
– Så de ungdomar er ikkje på billigsal?
– Presis. Det er så sant som det kan seiast.
– Då må bedrifter og kommunar gjera seg lekre?
– Nettopp, understrekar 25 år gamle Anne Langeland Bratthammer frå Jørpeland, som er leiar i det relativt ferske ungdomsstyret i Ryfylke. Det er ikkje akkurat eit sjokk at ho er leiar der. Ho har sete i diverse styre, råd og utval, og engasjert seg frå ho var ung. Det har også dei tre yngre søskena hennar fått merka, som nesten fekk ein tredje forelder. For Anne meiner mykje om det meste, og har styrt det meste.
– Yngste søstera mi må eg passa litt på endå, ler Anne, som nettopp har fått seg sin første jobb i Ryfylke etter geologi- og lektorutdanning frå Austlandet. I mars kjøpte ho seg også sin første leilegheit på Jørpeland. Så då blir ho vel då?
– Det er ikkje sikkert. Eg er framleis open om kva som skjer i framtida. Og det elskar eg!
I den nyaste utgåva av podcasten På ekta møter me ei ung kvinne som lovprisar oppveksten på Jørpeland, med idrettsmiljøet, skulegang, vener og eit fint A4-liv.
– Eg har vore travel og engasjert. Og hamnar eg i ei gruppe eller råd eller noko slikt, kan eg gjerne vera leiar, slår ho fast.
Me blir kjent med både ungdomen og den unge vaksne geologen og lektoren, som nå tar fatt på yrkeskarriera. Dessutan endra ein tur til Tanzania henne som person. Det var rett og slett ein reality check!
Bli kjent med Anne i den nyaste utgåva av Podcasten På Ekta.
Podcasten På Ekta høyrer du på Spotify og andre kanalar – sjå meir her: Podcasten: På Ekta – Ekta historier frå Ryfylke – ryfylkealliansen.no
