Ho har som Ole Olsen Sangesand, Pilt-Ola sjølv, vandra lange distansar. 13. januar 2025 sette den då 21 år gamle Karen Malena Kyllesø verdsrekord. Ho blei den yngste som nokon gong nådde Sørpolen heilt åleine. 54 døgn i Antarktis.
Under Ryfylkekonferansen på Lysefjordsenteret blei årets Pilt-Ola pris delt ut. Denne gongen til ei ung kvinne som har utført ei stor bragd. Ein overraska, stolt og rørt Karen Malena Kyllesø mottok Pilt-Ola prisen frå Unni Fuglestad, som er leiar i kultur- og næringsutvalet i Rogaland Fylkeskommune.
Karen har vakse opp i Årdal i Ryfylke og har frå ho var heilt liten vore med på turar. Ho sette seg tidlege mål, mellom anna å kryssa Grønland som 14-åring. Karen er opptatt av å følgja draumane sine og kjenna på meistring. Nettopp dette vil ho inspirera andre også til å gjera. Men, ein må ikkje nødvendigvis gå til Sørpolen for å oppleva meistring.
Turen i Antarktis har Karen planlagt i seks år. Det ligg mykje trening bak, både fysisk og mentalt. Ho har hatt skiturar på Hardangervidda, Finnmarksvidda, Nord-Sverige og Svalbard. Ho har drege på bildekk opp bratte bakkar i Årdal. Ho har skaffa sponsorar som har gjort det mogleg å gjennomføra bragda. Og heime i Årdal var det mange som heia på Karen!
Tida etterpå har vore travel, då ho har reist landet rundt med foredrag om opplevinga si. Ho ønskjer å motivera og inspirera andre. Karen er eit friskt pust og ein sterk stemme for friluftsliv og turglede i Ryfylke. I grunngjevinga til prisen står det: «Som ung og uredd tek ho modige steg for å setja Ryfylke på kartet, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Med sin entusiasme og ekte kjærleik til naturen motiverer ho andre til å koma seg ut, og er ein inspirerande rollemodell for den yngre generasjonen.» Karen har også skrive ei bok som blei lansert i september. Boka heiter «Heilt aleine» og handlar om kvifor ho drog, korleis ho førebudde seg og korleis turen gjekk.
Karen er ein verdig vinnar av Pilt-Ola prisen som viser at éin person kan gjera ein stor forskjell!
