Det gnistrar på Ombo, den største øya i Ryfylke. 238 personar har både eigen skule, ein gubbe i fjellet, trollhåla, hageoase, to ferjestøer, ei mengd med sauer og det høgaste fjellet i Stavanger.
Du kan trygt seia det er kontrastar på øya Ombo. Ja, i frå stille kilometrar mellom naboane til eit høglydt og aktivt miljø ved Ombo Oppvekstsenter. Ryfylkepuls har reist på sommartur til denne øykolossen i Ryfylke. Det blei eksotisk og avslappande i oasen til Ragni Hidle Ådland og Henry Ådland i Ryfylke Planter. Karin Ågesen viste oss den skjulte skatten Trollhålå, medan me lurar på om Ombogubben er ei tidlegare amerikansk president. På skulen går både to og tre trinn i same klasse, og det var rett før kappkøyringa med sparkesykkel enda i krasj.
-Ombosjela er at alle som bur her bryr seg om kvarandre, påpeikar Mister Ombo, Håkon Eide, som tydelegvis har kontroll på alle som bur på øya, også dei som er på veg. Er det derfor det er halv pris på alle bleier i butikken?
Ombo er både magisk, mystisk og morsom, og med eit folkeferd som har full kontroll på kven som køyrer kva for eit køyretøy. Det er all grunn til å kosa seg med den nyaste utgåva av Ryfylkepuls. Me lovar også ein snarvisitt til glade griser på Sand og ein nyskapande fruktbonde på Hjelmeland.

