Han har tatt eliteserien med storm og fått legendestatus i Fredrikstad på rekordtid. Alt går Morten Bjørlo sin veg i 2024. Men, vegen fram har vore av det kronglete slaget. Er det derfor supporterane syng at Bjørlo er gal?
– Bjørlo er gal, splitter pine gal. Rosenborg de ble for små. Han kom fra Jørpeland, er bedre enn Zidane. Bjørlo er splitter pine gal.
Supporterane i Plankehaugen syng om og om igjen. 29 år gamle Morten Bjørlo frå Jørpeland har fått legendestatus i Fredrikstad Fotballklubb, etter eit godt halvår i klubben. Han er blitt supporterane sin yndling, lagkameratane sin første-humorist og laget sitt farlegaste angrepsvåpen.
– Eliteserien sin beste spelar, slår supporterane Christoffer Passerud og Mathias Solvang fast.
Nyleg sendte Morten Bjørlo Fredrikstad til semifinale i cupen, etter ei vakker 1-0scoring på frispark. Klubben, som er tilbake i eliteserien, luktar medalje i ligaen og er nær eit cupgull på Ullevaal.
Heime på Jørpeland er folk utruleg stolte.
– Eg er kry, utruleg kry. Og eg er både overraska og ikkje overraska, seier nabo og ikkje minst trenar og vegleiar Eivind Danielsen, frå tida på fotball-linja ved Strand vidaregåande skule. Både han og Morten veit at lysluggen eigentleg ikkje var så interessert i fotball.
– Eg ville heller byggja sandslott enn å spela fotball på grusbanen på Jørpeland, innrømmer Morten Bjørlo.
Nå dominerer han på høgt nasjonalt nivå. Kva var det som gjorde at alt «orna sæ i Fredrikstad?». I På ekta drar me til nettopp Fredrikstad og møter Ryfylke sin store fotballson, Morten Bjørlo. Bli med tilbake til Jørpeland, høyr den snodige fotballreisa, som endra karakter då ein mann med gullsko ringte før jul og kor kynisk fotballen kan vera. Frå å vera inne, til å vera ute, til å koma inn i varmen igjen.
På ekta byr på stemning både på og utanfor bane og tribune med målkongen Morten Bjørlo frå Jørpeland.
Gled deg.
Fredrikstad-supporter Mathias Solvang omfamnar Morten Bjørlo etter 1-0scoring og triumf i kvartfinalen mot Vålerenga i cupen. Du møter begge i podcasten På ekta.
Foto: Bjørn S. Delebrekk / VG