Vår

digitale kanal

Pulsslag frå Ryfylke

Ungdom og næringsliv

Bygdeliv og stoltheit

Ryfylke er pulserande. Ryfylke er tufta på naturressursar, skaparånd, stor arbeidskapasitet, samt eit kreativt og jordnært folkeslag. Ryfylkepuls er Ryfylkealliansen si storsatsing som tar pulsen på nettopp Ryfylke. Ulike tema, ulike folk, ulike vinklingar og frå ulike stader. Fokus på bulyst og livsglede, ungdomar og næringsliv. Frå inste, små bygder til større småurbane tettstader, frå fjord og til hei, ungdom og vaksne.

Det blir publisert ei sending av Ryfylkepuls kvar månad, og korte klipp og saker blir sendt innimellom. Er det nokon stad du får med deg livspusten i Ryfylke, så er det nettopp på Ryfylkepuls.

Takk til våre samarbeidspartnarar

Utan våre gode samarbeidspartnarar hadde ikkje Ryfylkepuls vore mogleg. Dei gjer at me kan produsera sendingar rundt om i vårt omfangsrike Ryfylke og presentera kva regionen vår har å by på. For det er mykje! Saman arbeider me for ungdom, studentar, utflyttarar og drøymarar. Me er stolte av å ha engasjerte samarbeidspartnarar med på laget.

Programleiing

Tor Øyvind Skeiseid er dagleg leiar og Maria Flesjå Sivertsen er prosjektansvarleg i Ryfylkealliansen. Me viser stolt fram Ryfylke.

Ta gjerne kontakt dersom du har innspel til Ryfylkepuls: tor@ryfylkelivsgnist.no

Produksjon

Portal Norge er dei kreative sjelene bak produksjonen av Ryfylkepuls. Med Bjørn Inge Mong Aalvik og Benjamin Nordhagen i spissen, får Ryfylkepuls-produktet eit nivå som er både leikent og kvalitetsmessig høgt.

Besøk dei på portalnorge.no

Sjå tidlegare Ryfylkepuls episodar her: