Ein inspirerande møteplass
Arena Ryfylke
Årleg storsamling
Ryfylkeentusiasme og ryfylkemat
Bedriftsbesøk og prisutdeling
BEREKRAFTIG NÆRINGSUTVIKLING I RYFYLKE

Lysefjorden og Arena Ryfylke i oktober
Set av 22. og 23. oktober alt nå. For nå samarbeider to samlingar, Arena Ryfylke og MOR-konferansen, om eit felles arrangement. Og det går an å melda seg på enten Arena Ryfylke-dagen 22. oktober eller MOR-dagen 23. oktober. Og ikkje minst: Kinderegget: du kan også få med deg begge dei spennande dagane.
Overordna tema er Berekraftig næringsutvikling i Ryfylke. Sjølve programmet blir lagt ut i juni. Men, me kan lova både reiseliv, oppdrett, betong, energi og ikkje minst ungdom og rekruttering.
Kort fortald: Arena Ryfylke 22. oktober: Fjordhopping med Rygerelektra, frå kai til kai og tema til tema. Festmiddag på Lysefjordsenteret og Pilt-Ola prisutdeling. Programmet blir tilpassa offentleg transport frå sør til nord. Varer frå ca 10 til 19. Arena Ryfylke passar for alle som er opptatt av og nysgjerrige på næringsutvikling, bulyst og utvikling av Ryfylke.
MOR*-dagen 23. oktober: På Lysefjordsenteret inkl lunsj. Frå ca 09-14.
*MOR = Motivasjon Opplæring Rettleiing
Arrangørar er Ryfylkealliansen, Ryfylke IKS og Næringsforeningen i Stavanger-regionen.
Sparebanken Vest er hovudsamarbeidspartnar. I tillegg har me med oss fleire gode medspelarar, som gjer dette mogleg.