Under Arena Ryfylke 12. november i Sauda, blei vinnaren av Merkevareprisen 2024 annonsert. Me skal til Suldal og Kulp, der Terje Bjørndal er leiar. Han var tydeleg stolt då han mottok prisen tysdag føremiddag. Her er styret si grunngjeving:
Lokalt forankra, tydeleg identitet og trufast samarbeid med andre lokale og regionale aktørar. Slik kan me skildra årets prisvinnar. Kulp, eller Kulp Bistro & Catering, blei etablert i 2009. På kort tid blei eigar og drivar Terje Bjørndal ein viktig kapasitet innan sitt fagfelt i Ryfylke. Frå kjøkkenet og kafeen på Kulturhuset i Suldal, gjekk etter kvart vegen og utvidinga til næringsfellesskapen på Garaneset. Dessutan har Terje Bjørndal fått oppleva å gå frå ein til ti tilsette.
Kulp satsar lokalt og samarbeider lokalt. På menyen finn du råvarer frå mange produsentar i Ryfylke. Og samarbeidet blir til skikkeleg ryfylkekost og rause porsjonar til mange kvar dag. Bistroen på Garaneset er ein populær samlingsstad. Både lokale, nasjonale og internasjonale turistar sørger for at det er høg aktivitet på bistroen. Laksefiskarar, bubilturistar eller badande gjestar frå Suldal Bad, kjem ofte innom, i tillegg til stolte sambygdingar. Då kosar dei seg med både fisk, vilt, frukt og grønt frå Ryfylke, i fast og flytande form.
Dessutan er det ut på-konstant-tur for Kulp-gjengen dag ut og dag inn. Næringslivet og lokalbefolkninga bestiller mat på døra til kvardag og fest, ja meir enn nokon gong. Kulp har kort og godt blitt ein av dei viktigaste matleverandørane i heile Ryfylke. Har du bestilt mat hjå Kulp ein gong, ja då gjer du det igjen.
Kulp er i ein framifrå klasse når det gjeld å synleggjera logoen for Ryfylke. Du ser ryfylkelogoen høgt og lågt, når Kulp-bilen fartar rundt i regionen. Ryfylkemerket er stort og tydeleg plassert på sida av bilen. Når du kjem til bistroen, heng Kulp-vimplane utanfor, med ryfylkelogoen på. Inne ved disken heng medlemsplaketten i Ryfylkealliansen synleg på heidersplassen, og på menykartet er ryfylkelogoen tydeleg med. Og når du er på nettsidene til Kulp, ja då ser du same merket der. Det kallast solid merkevarebygging av ein stolt aktør frå Ryfylke.
Kulp Bistro & Catering, med drivar Terje Bjørndal i spissen, fortener så visst Merkevareprisen 2024.
Ryfylkealliansen gratulerer Terje Bjørndal og Kulp Bistro & Catering.