Podkast:

På ekta

Nære møte

Spennande historier

Kvardagsglede i Ryfylke

Det blir galskap og glede, tårer og latter, jordnært og ærleg. Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen og herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.

I vår nyaste episode møter me politimeister Hans Vik i Sør-Vest Politidistrikt. Han har ei spennande historie, i frå oppveksten i Erfjord i Ryfylke og fram til sjefsstolen på politihuset i Stavanger. Hans Vik delar tankar om både ungdomskriminalitet, ei uroleg verd, om oppvekst i Erfjord, om eigen politimeister-CV, og: Den romjulsdagen i 2024, med eit politidrap på Klepp, den dagen og den kjensla vil alltid sitja i Hans Vik.

Podkasten høyrer du her på nettsida, eller på bl.a.Spotify og Apple Podcast.

“På Ekta” er eit samarbeid med Sparebanken Norge.