Ein inspirerande møteplass

Ryfylkekonferansen

Årleg storsamling

Ryfylkeentusiasme og ryfylkemat

Bedriftsbesøk og prisutdeling

BEREKRAFTIG NÆRINGSUTVIKLING I RYFYLKE

Lysefjorden i alle fasettar!

22. og 23. oktober gjekk tidenes første Ryfylkekonferanse av stabelen. To samlingar, Arena Ryfylke og MOR*-konferansen, samarbeida dette året om eit felles arrangement. 

Overordna tema var Berekraftig utvikling i Ryfylke. Då snakka me både om lokalsamfunn, reiseliv, oppdrett, sand, energi, men ikkje minst ungdom, kompetanse, leiarskap og rekruttering.

*MOR = Motivasjon Opplæring Rettleiing

Det var fjordhopping med Rygerelektra, frå kai til kai og tema til tema. Me var innom Norsk Spennbetong, Flørli og Joker Lysefjorden. Tema undervegs var alt frå kollektivtilbod, utvikling av lokalsamfunn, kva vil Sandnes med Lysefjorden, ungt pågangsmot og energiske satsingar. På ettermiddagen var det duka for festmiddag med Ryfylkekokken på Lysefjordsenteret og Pilt-Ola prisen blei delt ut til Karen Kyllesø frå Årdal.

Dag to møtte me mellom anna Sørpolfarar Karen Kyllesø, som har hatt si kompetansereise. Strand vgs og Comrod byggjer klasserom i lag, i storskala. Begge var representert saman med to elevar frå Strand vgs som har klasserom hos Comrod, og fortalde om kva det er som skjer og kva me kan forventa.

Ryfylkekonferansen passar for alle som er opptatt av og nysgjerrige på næringsutvikling, bulyst og utvikling av Ryfylke. Me kjem tilbake til dato for 2026 så snart den er klar. 

Arrangørar er Ryfylkealliansen, Ryfylke IKS og Næringsforeningen i Stavanger-regionen.

Tid og stad for 2026 kjem

Program/info for 2026 vil koma her

Påmelding for 2026 vil koma her