Ryfylkeprofil 2025 er tildelt Næringshagen i Ryfylke

23 okt, 2025

Bente Garborg frå styret i Ryfylkealliansen delte ut prisen til Næringshagen i Ryfylke v/Marit Larsen på Ryfylkekonferansen-Arena MOR 23. oktober. Her er styret si grunngjeving:

– Engasjert medspelar, som er til stades!

Slik kan me karakterisera vinnaren av prisen Ryfylkeprofil 2025.
Næringshagen i Ryfylke er utviklar, pådrivar, innovatør og drivar i heile Ryfylke. Frå starten som Suldal Vekst i heimkommunen, har næringshagen bana seg veg vidare i både Sauda og Hjelmeland, og rundt i heile Ryfylke.

Næringshagen i Ryfylke er synleg. Deira medarbeidarar bidrar og får fortent skryt. Mange bedrifter har sett dagens lys, med hjelp frå næringshagen. Andre har funne rett kurs i fellesskap med gjengen på Garaneset på Sand.

Ryfylkedagane, Møgedalsmarknaden, Ryfylkekonferanse, yrkes- og utdanningsmesse og ikkje minst Gladmat. Næringshagen i Ryfylke trekkjer i mange trådar og nyter stor tillit og truverd.
Og kva seier dei sjølv:

Me meiner at eit aktivt næringsliv gir eit godt bygdeliv, og engasjerer oss i satsingar og aktivitetar som bidrar til dette.

Ryfylkealliansen er stolt av Næringshagen i Ryfylke, som så tydeleg set Ryfylke på kartet, og som løfter fram moglegheiter og samarbeid i vår region.

Det er ei ære å få gje prisen Ryfylkeprofil 2025 til Næringshagen i Ryfylke.

Ryfylkealliansen gratulerer så mykje til ein verdig vinnar!