SAUDA VGS
Unike utdanningstilbod
Inkluderande miljø på skule og fritid
Tett samarbeid med næringslivet
Me vil meir
Sauda vgs er ein vidaregåande skule i Indre Ryfylke med eit stort og variert utdanningstilbod. Skulen ønskjer å opna dører mot verda og framtida for elevane, arbeidslivet og samfunnet i regionen. Målet er å vera ein skule der elevane trivst og lukkast med utdanninga. Skulen har totalt 530 elevar, der halvparten er elevar som bur heime i Sauda under utdanninga, eller som pendlar frå Sand og omegn. Dei resterande 50% av elevane kjem frå kommunar utanfor Sauda og Suldal, og bur på hyblar eller internatet Campus. Hausten 2027 skal kapasiteten på Campus doblast, då står 30 nye elevhyblar klare. Sauda vgs har fokus på å skapa trivsel også utanom skuletid, og har derfor fleire aktivitetstilbod og sosiale arenaer på ettermiddag- og kveldstid.
Sauda vgs har til saman tre bygg. To i Sauda og eitt på Sand. Hovudavdelinga Lofthus ligg sentralt ved Sauda sentrum og huser dei fleste utdanningstilboda. Transportfaga finn du på avdeling Birkeland, 10 minutt køyring frå Sauda sentrum, med klasserom, garasje/verkstad og stor plass til køyretur utanfor. ToppVolley Norge er å finna på avdeling Sand, med både skulebygg, idrettshall og internat.