Suldal IL tilbyr eit unikt skitilbod til barn og ungdom – med leik, fellesskap og aktivitet i fokus.Ryfylkepuls har vore med på skitrening på Gullingen og tatt pulsen blant skigåarane i snøen.
Når vinteren byr fram kvitkledd terreng (somme gonger med litt hjelp frå kunstsnø) og gnistrandeføre, blir skiløypene fylt med aktivitet! I den siste sendinga av Ryfylkepuls har me vore med Suldal IL på skitrening på Gullingen, der både unge og vaksne har samla seg for å leika på ski og meistraferdigheiter i skøyting og klassisk skigåing. Suldal IL sitt skitilbod er eit unikt tilbod for born og ungdom i skulealder, der dei får utvikla seg – både som skiløparar og som lagspelarar.
Kvart år stiller ein solid gjeng med frivillige vaksne opp for å få til eit slikt tilbod – dei er gode representantar for det frivilligheits-Ryfylke me alle kjenner og er stolte av. Du finn dei langs løypene med smil og oppmuntrande ord, og utan dei hadde ikkje dette vore mogleg. Ungane sjølvkommenterer at det er kjekke vaksne som er med på treninga og som hjelper dei med det som trengs. Olav Bakka som sit i styret for skigruppa i Suldal IL, er tydeleg på at det er breidden og gleda som er det viktigaste. Det skal vera plass til alle! Treningane skal innehalda leik og aktivitet som gjer at alle føler seg velkomne.
Denne sendinga av Ryfylkepuls byr på kontrastar. Ute i løypene ser me Tor Øyvind som prøver å visa seg fram på ski, men blir ganske greit parkert av dei unge skigåarane frå Suldal IL. Men, det skal ikkje stå på innsatsen til reportaren i alle fall! Maria derimot, har det ganske greit i bua i Gullingenhuset som kommentator med KvikkLunsj i handa. Av det me kunne observera, ser me ikkjevekk i frå at det er nokon frå Suldal IL som ein dag kan bera tittelen verdsmeister!
Sjå sendinga her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no
Du kan også sjå Ryfylkepuls på TV Vest – Forside





