Skyhøgt nivå og herleg trøkk

16 jun, 2024

Dei klinka til med alt rett, og gjekk til topps i Ryfylkequizen. Møt vinnarane frå Finnøy, Iskander, Alexandra og Daniel, i den aller nyaste utgåva av podcasten På ekta. Og kjenn på både spenning og nervøsitet når me går bak kulissane i høve tv-sendinga i mai.

Me er floge på veggen både før, under og etter quizfinalen, når me møter ungdomane frå alle ungdomsskulane, tv-produsent, programleiing og stolte klassekameratar. Det er blir eit herleg og ungdommeleg møte i «På Ekta». 27 ungdomar møttest til quizdyst 22. mai i år. Ja, imponerande av Iskander Moltu, Alexandra Barbara Deak og Daniel Esaia Alstveit, som fekk alt rett. Ja, du las rett: Alt rett. Men, også imponerande at ein av deltakarane frå Sauda, var ukrainske Pavlo Panchuk, som bare etter åtte månader på norsk jord hamna i finale i Ryfylkequiz. Nyt dette lydbilete frå sjølve finalen, ja, ei skikkeleg stemningsskildring.

Dessutan blei me med til Finnøy skule dagen etter sigeren var i boks. For då blei vinnarlaget feira med is og kos, og ein svært stolt Stavangerordførar som dukka opp. Og ein ting er sikkert: Ho hadde ikkje slått desse ungomdane i kunnskap om Ryfylke.

Men, kva gjer vinnarane til vanleg? Kva synest dei om å læra om Ryfylke? Og kva blir det med framtida? Er Ryfylke svaret?

Kos deg med podcasten «På Ekta» på øyra når me kastar oss uti Ryfylkequizen sitt store stemningsbilete.