Sliten og trøytt? Regn kan vera søtt

28 nov, 2025

Bland vekslande vêr, rare spørsmål, slitne vertar, elektriske båtgleder og utvida sesong i ei smørja. Då får du vår nyaste utgåve av Ryfylkepuls.

God reiselivssesong i Ryfylke? – Nokon seier det har vore betre enn før, andre at det har vore litt nedgang, forklarer reiselivssjef Liv Jorunn Tjelmeland i Reisemål Ryfylke.
– Turistane elskar Lysefjorden i regnvêr også, slår sals- og marknadssjef Eva Sørås Mellgren i Rødne fast.
– Du blir lei av dei same spørsmåla. Så det blir godt med litt avkopling, og så er me klare igjen til ny sesong, understrekar Hilde Trøen, som er styrar ved Lysebotn Turisthytte.

Reiselivsaktørane i Ryfylke innrømmer at dei er slitne etter sesongen, men dei har likevel mykje å gje. Det er ingenting dei heller vil enn å visa fram det regionen vår ha å by på. Dei tar nå ein kort velfortent pust i bakken, og så er det på ‘an igjen for å mobilisera seg for neste år og neste sesong.

Ryfylkepuls er denne gongen om bord i Rygerelektra, Rødne sin heilelektriske hurtigbåt. Med Lysefjorden som arena, tar me tempen på reiselivsaktørane i Ryfylke. Korleis har året vore og kva tankar har dei om framtida?
– Me har hatt ein utruleg god sesong, slår Eva Mellgren i Rødne fast. Rødne viser fram både Hengjanefossen, Fantahålå, Preikestolen og andre diamantar i Lysefjorden, meir enn nokon gong. – Og sesongen strekkjer seg, heldigvis, i begge endar. Det vil seia før mai og etter september, fortel Mellgren.

Men, skal sesongen utvidast må det takast grep. Rutetilbodet i Lysefjorden er ikkje av det beste, ikkje minst når sommaren er over. Hilde Trøen er tydeleg på at her er det eit unytta potensiale for turistar som vil flytta seg rundt i fjorden frå dag til dag. Er det fylkesordføraren som har svaret? Ja, me har spurt han også på ein stille, tettskya og vakker dag på Flørli.

Sjå sendinga her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no

Og du: Du kan nå sjå Ryfylkepuls på TV Vest – Forside