Ualminneleg A4-mann

12 feb, 2026

Å mista ein politibetjent på jobb, er det klart verste Hans Vik har opplevd på jobb. Og kjenslene og tårene kjem jamt endå. Lettrørt, ansvarsfull og ein som elles lever eit roleg A4-liv, er Hans Vik oppsummert. Men, han har ingen problem med å bli gjenkjent. Det er jo noko han er vane med frå barndomen i Erfjord i Ryfylke, der alle visste kven alle var.

Hans Vik er sjølvaste politimeisteren i Sør-Vest politidistrikt, og vår neste gjest i podkasten På Ekta. Når han går av som politimeister nyttårsaftan 2027, er han blant dei som har vore politimeister klart lengst. Men, korleis er kvardagen og livet som øvste politisjef for eit så stort distrikt?

– Det er vel meir ei rolle enn ein jobb, understrekar Hans Vik, og seier ja når me spør om han er politimeister døgnet rundt. Og tru det eller ei; politimeister Bastian er faktisk eit førebilete. Men, Hans Vik nektar å syngja når me bed han stemma i Bastian-songen:
– Eg kan ikkje syngja.

Hans Vik er fødd i 1963, og trødde barne- og ungdomsskoa i Erfjord, på garden Vik. Ein ansvarsfull, skikkeleg gut, som slukte bøker om samfunn og historie, og med sommarjobb på ferja over Jøsenfjorden. Draumen om å jobba på sjøen eller som pilot, blei etter kvart erstatta av meir enn 40 år i politivesenet.

– Eg er opptatt av dei som ramlar utanfor samfunnet. Ofte startar kriminaliteten blant dei som har «stang ut». Korleis kan me laga arenaer der alle får vera med, spør erfjordbuen, som veit at når politimeisteren uttalar seg så lyttar ofte folk. Også på spørsmålet om verda er utrygg og at me bør frykta kriser og krig.
– Om verda er farlegare nå? Ikkje godt å seia. Eg vil verken skapa frykt eller lata som om noko er trygt, dersom eg veit noko anna, slår politimeisteren fast.

Nå kan du blir betre kjent med politimeister Hans Vik, som både tar til tårene og smiler lurt i vår halvtimes podcast-utgåve av På Ekta. Og den romjulsdagen i 2024, med politidrapet på Klepp, den dagen og den kjensla vil alltid sitja i Hans Vik.

Du høyrer podcasten på Spotify og andre kanalar – sjå meir her: Podcasten: På Ekta – Ekta historier frå Ryfylke – ryfylkealliansen.no