Ryfylkepuls
Favorittsendingar
Morosamt
Pulserande
Direkte
I august 2021 blei den første Ryfylkepuls-sendinga lansert, med premiere frå Jørpeland. Sidan den gong har me vore høgt og lågt, i små krikar og krokar, i småbyar og ikkje minst møtt mange herlege folk. Mange!!! Om tida går, er det alltid kjekt å sjå tidlegare sendingar.
Du finn alle våre sendingar på Ryfylkealliansen sin YouTube-kanal.
Her er uansett tre av våre favorittsendingar. Det er både pulserande og skikkeleg løye.
DESEMBER 2024
AVLØYSARAR ER ETTERTRAKTRA ARBEIDSKRAFT
Maren Spanne og Kaja Flatebø Rørtveit er ferske avløysarar i fjøset til Erik Bleie på Finnøy. Dei er to av 70 ungdomar i Ryfylke som i haust har tatt avløysarkurs. Visste du at arbeidserfaring som avløysarpå CV-en er eit stort pluss når du søkjer om annan jobb? Bli med på gardsbesøk og møt ungdom som er villige til å stå opp tidleg og måka skit… og så ventar det også eit herleg julebord i andre enden.
AUGUST 2024
UNGDOM FRÅ ÅRDAL MED KLARE AMBISJONAR
Karen Kyllesø og Emil Riskedal er med i denne sendinga av Ryfylkepuls. Dei har begge utretta noko, på kvart sitt felt. Karen nådde Sydpolen 13. januar, og kan skilta med “Tidenes yngste som har gått åleine til Sydpolen”. Emil måtte ta sjefsrolla for Smaken av Ryfylke då han laga mat på Hjelmeland sin stand under Gladmatfestivalen i Stavanger i 2024, og fekk 5-ar og 6-ar for sin Gladmatrett! Og nå har han nettopp servert ti tusenvis av menneske på matmesse i Tyskland. Me har sjekke pulsen til Karen, Emil og andre ved Smaken av Ryfylke på Hjelmeland. Er du forresten klar for Ryrekrutt?
APRIL 2025