Han blei vald som ordførar i Sauda i ein alder av 19 år. Og etter ein heseblesande start, med bratt læringskurve, opplever Håvard Handeland at livet har hamna litt meir i vater. Men, ein vanleg 20-åring er han slettes ikkje. Og sidan han var seks år har han søkt makt og påverknad. Valkampstrategien var sleipare i barndomen enn ved sist kommuneval.
– Eg er ein gut som er litt for interesserte i enkelte ting, og det har bana vegen til den posisjonen eg har nå. Det er heilt sprøtt, understrekar Håvard Handeland. Rett før valet i september 2023 hadde han kvelds- og helgevakter på Essoen i Sauda og var vararepresentant i ungdomsrådet i Sauda. Nå er han øvste politiske leiar i kommunen, i den kommunen han har tenkt å bu i resten av livet.
– Eg vil vera med å påverka og eg vil påverka nå, slår Håvard Handeland fast.
I podcasten På Ekta blir me godt kjent med Håvard. Gled deg til å høyra om korleis klassekameratar blei tvungen til å stemma på Håvard til elevrådet, om han som ungdomsskuleelev som brukte kommunestyremøte på internett som laurdagsunderhaldning og om hissige bilistar på Essoen. Me går inn i eit mørkt avhøyrsrom, ein trong formannskapssal, på eit miljøvenleg banedekke og ut i mingleatmosfæren. For å nemna noko.
Og saudabuen er imponert av den unge ordføraren så langt.
Podcasten på ekta høyrer du på Spotify og andre kanalar – sjå meir her: Podcasten: På Ekta – Ekta historier frå Ryfylke – ryfylkealliansen.no