Podkast:
På ekta
Nære møte
Spennande historier
Kvardagsglede i Ryfylke
Det blir galskap og glede, tårer og latter, jordnært og ærleg. Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen og herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.
I vår nyaste episode møter me 20 år gamle Jone Sandvik frå Tau. Han har tenkt å bli verdsmeister i motorsporten trial. Det gjer at han satsar fullt, 24-7, og lever eit skikkeleg toppidrettsliv. Me har vore på trening i Nordmarka på Tau, med heftige svev og knallharde utfordringar i steinrøysa. Møt Jone Sandvik, eller berre Sandwich som han blir kalla internasjonalt.
Podkasten høyrer du her på nettsida, eller på Spotify og Apple Podcast.
“På Ekta” er eit samarbeid med Sparebanken Norge.

