Idrettslag i Ryfylke
I fest og kvardag
Lim i lokalsamfunna
Miljøskapar
Frivillige gleder i idretten
Dei femnar breitt, når mange og betyr utruleg mykje for bulyst og livsglede i Ryfylke. Me snakkar om idrettslaga i regionen vår. Det frivillige engasjementet i Ryfylke er høgt, svært høgt.
Idrettslaga er dei som når breiast ut og som flest ryfylkingar er aktive i. Dei frivillige trenarane, kvardagsslitarane og leiarane er mange, som står på for våre barn og unge år ut og år inn.
Me vågar å slå fast at idrettslaga i Ryfylke har stor påverknad på både unge og vaksne si helse, både fysisk og mentalt. Idrettslaga tilbyr eit vidt spekter av aktivitetar året rundt. Mange av desse laga er medlemer i Ryfylkealliansen.
Det er gode grunnar til å bu i Ryfylke når me kan vera aktive i: