Ein inspirerande møteplass

Ryfylkekonferansen

Årleg storsamling

Ryfylkeentusiasme og ryfylkemat

Bedriftsbesøk og prisutdeling

OPTIMISME OG MODIGE SATSINGAR

9. og 10. november blei årets Ryfylkekonferansen gjennomført med Ryfylkeøyane som base.

Fullteikna konferanse med engasjerte, nysgjerrige og positive deltakerar. Trøkk, vilje, fellesskap og nytenking. Sentrumsutvikling, offensivt landbruk, nye former for rekruttering og samarbeid. Kollektivtilbod og vilje til satsing på distrikta var også på agendaen. “ Fellesskap og satsingar i praksis” –  studietur til øyperla Fogn med 363 innbyggjarar. Festkveld på Arena Utsyn med trerettars frå Ryfylkekokken, utdeling av Pilt-Ola prisen og lokal underhaldning. 

Offensivt landbruk, sløydløft, ny giv i reiseliv og matutdanning og eit utdanningssenter med solid breidde er stikkord frå dag to på Arena Utsyn. Heile konferansen blei avslutta med stor optimisme og modig satsing: Kan Ryfylke bli det nye Hollywood? 

Arrangørar er Ryfylkealliansen, Ryfylke IKS og Næringsforeningen i Stavanger-regionen med Stavanger kommune, Sparebanken Norge, Ryfylkefondet og 16 bedrifter som solide medspelarar.  

Foto: Næringsforeningen