STRAND VGS

Variert skulekvardag

Fagleg utvikling

Engasjerte lærarar

Det beste i den enkelte

Strand vgs ligg sentralt på Tau i Ryfylke. Den vidaregåande skulen har mange ulike utdanningstilbod. Fleire av programfaga har fulle søknadslister kvart år. Dei tilsette ved skulen er opptatt av å gjera det dei kan for å skapa best mogleg læringsmiljø. Trivsel skapast saman med andre, både medelevar og lærarar. Strand vgs har som mål å vera ein god stad å læra, og ein god stad å vera.

Strand vgs har fine bygg og lokale. Dei har bibliotek, kantine, klasserom, butikken “Godt gjort”, Ryfylkehallen (der skjer mykje av idrettsaktivitetane) og eit flott moderne havbrukssenter med realfagsavdeling og kaianlegg.

Det er enkelt å pendla til skulen, både frå andre deler av Ryfylke, samt Stavanger og sørover. Elevane kjem med buss og båt. Det er også mogleg å leiga rom i hybelhuset nær skulen.Skulen arrangerer elevkveldar og har kontakt med elevar som bur på hybel rundt i Strand kommune.