Ein inspirerande møteplass
Ryfylkekonferansen
Arena Ryfylke
Årleg storsamling
Ryfylkeentusiasme og ryfylkemat
Bedriftsbesøk og prisutdeling
BEREKRAFTIG NÆRINGSUTVIKLING I RYFYLKE

Lysefjorden i alle fasettar!
Gled deg til 22. og 23. oktober og Ryfylkekonferansen. For nå samarbeider to samlingar, Arena Ryfylke og MOR*-konferansen, om eit felles arrangement. Det går an å delta på ein av dagane, eller begge.
Overordna tema er Berekraftig utvikling i Ryfylke. Då snakkar me både om lokalsamfunn, reiseliv, oppdrett, sand, energi, men ikkje minst ungdom, kompetanse, leiarskap og rekruttering.
Detaljert program blir lagt ut i månadskiftet juni/juli. Men, me kan gje nokre hint:
22. oktober: Fjordhopping med Rygerelektra, frå kai til kai og tema til tema. Me skal mellom anna innom Norsk Spennbetong, Flørli og Joker Lysefjorden. Tema undervegs er alt frå kollektivtilbod, utvikling av lokalsamfunn, kva vil Sandnes med Lysefjorden, ungt pågangsmot og energiske satsingar. På ettermiddagen blir det festmiddag med Ryfylkekokken på Lysefjordsenteret og Pilt-Ola prisutdeling.
Varer frå ca 10 til 19. Arena Ryfylke passar for alle som er opptatt av og nysgjerrige på næringsutvikling, bulyst og utvikling av Ryfylke.
23. oktober møter mellom anna Sørpolfarar Karen Kyllesø, som har hatt si kompetansereise. Men, kva meiner ho om Ryfylke si framtid, også med tanke på rekruttering. Strand vgs og Comrod byggjer klasserom i lag, i storskala. Kva er det som skjer? Unge leiarspirer inntar næringslivet. Kva kan me forventa? Gled det til heile programmet er klart!
*MOR = Motivasjon Opplæring Rettleiing
Programmet blir tilpassa offentleg transport frå sør til nord. Ja, me kan faktisk seia at nesten alle kan reisa kollektivt til og frå denne gongen. Det er berekraftig.
Arrangørar er Ryfylkealliansen, Ryfylke IKS og Næringsforeningen i Stavanger-regionen.
Sparebanken Norge er hovudsamarbeidspartnar. Lyse er også med på laget, saman med andre gode medspelarar.
Det er berre til å gleda seg!