Velkommen til

RYFYLKE

Samhald

Fjell, fjord og skog

Tradisjonsfylt og vakkert

Kort om Ryfylke

Ryfylke er ein unik samling av ulike og nydelege kommunar. Om du ser etter mykje kraft, høge fjell, nydelege solnedgangar eller tomatar, så finn du alt du skulle trenge i Ryfylke.

Velkommen til vår vakre region!

Flott natur og høge bratte fjell

Tradisjonsfylt og vakkert

Populær reisedestinasjon

Unike ferjeturar

Kor er Ryfylke?

Sentrum i Norge, naturleg nok, vil me svara. Hjarta av Rogaland, seier andre. Geografisk kan du seia at Ryfylke er mykje av det som ligg mellom Stavanger/Sandnes og Haugalandet/Haugesund og austover mot Agderfylka og Hordaland. Lengst nord finn du Sauda, lengst sør ligg Forsand, og lengst vest finn du øyriket med Rennesøy og Finnøy. Ryfylke er den største geografiske regionen i Rogaland. Sjå kart litt lenger nede på sida.

Men, kva er Ryfylke?

Litt flåsete sagt er Ryfylke nesten som Rogaland å rekna. For på 1200-talet blei Rogaland kalla Rygjafylket, som er det opphavlege namnet på Ryfylke. Men, i dag er Rogaland regionane Dalane, Jæren, Nord-Jæren, Haugalandet og Ryfylke. I mange hundre år har tilstøytande fjordar til Boknafjorden vore det såkalla Ryfylkebassenget. Kommunegrenser har endra seg, seinast i 1965 og i 2020. At kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand ligg i Ryfylke, er sikkert, likeså at øyriket i vest er ein del av Ryfylke. Då snakkar me om 24 busette øyperler i gamle Finnøy og Rennesøy kommunar, som nå er ein del av Stavanger kommune. Og lengst sør i Ryfylke ligg Sandnes sin nyaste kommunedel, Forsand, med både Lysefjorden, hei og dyrkbar jord som «typisk Ryfylke». Totalt er Ryfylke nesten halve Rogaland i geografi, og vel 7 % av folketalet.

Du kan lesa meir om Rogaland fylke ved å klikke her. her.

ryfylke.no

Finn fram i Ryfylke

Fjorden bind oss i saman. Sjøen har vore hovudåra for samferdsel. Nå er bruer, tunnelar, ja til og med undersjøiske tunnelar, vel så viktige, i kompaniskap med båtane. 30. desember 2019 opna Ryfastsambandet, frå Stavanger til Strand, det siste tilskotet av undersjøiske tunnelar. Innferdselsårene til Ryfylke er både frå Sirdal, Sandnes, Stavanger, Bokn, Vindafjord og Røldal.

Leit gjerne fram på kartet, eller finn kollektivtilbodet her: