Påmelding til Arena Ryfylke er open

27 aug, 2024

Då er påmelding til haustens store happening i gong. Arena Ryfylke 2024 blir i år i Sauda den 12. november kl. 10-20 med temaet KRAFTFULL VEKST. Me har livsglede, arbeidslyst, ungdom og energi i fokus.

Me startar på Folkets hus med interessante tema og god lunsj, før me skal ut på tur rundt i Sauda. Etter rundturen blir det festmiddag i Sauda Klubb med utdeling av Pilt-Ola pris.

Alle som melder seg på før 15. september får “tidleg-påmeldings”-pris.

Les meir om Arena Ryfylke her.