Ryfylkepuls

Favorittsendingar

Morosamt

Pulserande

Direkte

I august 2021 blei den første Ryfylkepuls-sendinga lansert, med premiere frå Jørpeland. Sidan den gong har me vore høgt og lågt, i små krikar og krokar, i småbyar og ikkje minst møtt mange herlege folk. Mange!!! Om tida går, er det alltid kjekt å sjå tidlegare sendingar.

Du finn alle våre sendingar på Ryfylkealliansen sin YouTube-kanal.

Her er uansett tre av våre favorittsendingar.  Det er både pulserande og skikkeleg løye.

AUGUST 2023

PREIKESTOLEN SPESIAL

Fotograf Bjørn Inge og reporter Tor Øyvind tar verkeleg pulsen på både turistar og dei som tar imot turistane i Preikestolområdet. Det er både romantisk, småampert, engasjerande og vakkert på ein gong. Pakk sekken og bli med på tur.

JUNI 2023

LIVLEG PÅ KAIEN

Er du klar over kor mykje som skjer på kort tid på ein kai? Judaberg er bindeleddet for all båttrafikk for heile Ryfylke og Stavanger. Og rett før kl 08 og rett etter kl 16, ja då er det liv! Prøv og heng med om du kan.

JUNI 2023

LIVLEG PÅ KAIEN

Er du klar over kor mykje som skjer på kort tid på ein kai? Judaberg er bindeleddet for all båttrafikk for heile Ryfylke og Stavanger. Og rett før kl 08 og rett etter kl 16, ja då er det liv! Prøv og heng med om du kan.

JANUAR 2024

HEFTIGE STØT OG KRAFTIGE SAKER

Au! Me stakk innom Statkraft, ei vesentleg verksemd i Ryfylke. Er du klar over kva krefter som er i sving? Og så testa me dei tilsette om kva dei visste om Ryfylke. Svarte dei feil fekk dei smaka sin eigen medisin: Straum. Altså Støtkraft.