Quiz som engasjerer

ungdom

For åttande klasse

Engasjerande læring om Ryfylke

Direktesendt finale

Kva ungdomar kan mest om Ryfylke?

Ryfylkequiz for åttandeklassingar er ein sikker vårslager i Ryfylke. I meir enn ti år har Ryfylkealliansen inspirert, lært opp og utfordra 14-åringane i Ryfylke om kva dei kan om Ryfylke. Føremålet er kort og godt at ungdomane skal bli meir kjent med regionen dei bur i, vera stolte, nysgjerrige og få meir kunnskap.

Ryfylkequizen er ei slags fire-trinns-oppleving. På nyåret får kvar åttande klasse besøk frå Ryfylkealliansen, der me har ein historisk-kulturelt-humoristisk-geografisk innføringstime om kva Ryfylke er. Deretter får elevane eit pensum, ja eit omfattande pensum om Ryfylke. Rundt påsketider er det klart for skulefinalar, der ein til slutt står att med eit vinnarlag frå kvar skule. I mai/juni er det då den store direktesende Ryfylkequizfinalen, der vinnarlaga frå ni skular møtest til dyst. Kven kan mest om Ryfylke? Og ja – nivået er alltid høgt. Det er også motiverande å kjempa om pengepremiar frå Rogaland Sparebank.

Få med deg alt om Ryfylkequizen på desse sidene og våre sosiale medium.

Årets superfinale er den jamnaste nokon gong, og spenninga var stor då vinnarlaget skulle kårast.

Til slutt var det Tau ungdomsskule som gjekk heilt til topps og vann superfinalen onsdag. Dei stilte med laget OST som består av Ola Voster, Siri Stendahl og Theo Kristensen Moen, og enda med 84 av 97 moglege poeng.

Vinnarlaget saman med varaordførar i Strand kommune Bjørg Tryland

Etter ei nervepirrande opplesing av dei siste poenga, viste det seg at to av laga på pallen hadde lik poengsum. Forsand skule og Hjelmeland ungdomsskule enda på ein delt andreplass med 81 poeng.

A-laget frå Forsand skule består av Solomiia Kimachuk, Ýmir Thorrarinson og Markus Haukelid.

Hjelmeland ungdomsskule stilte med laget AOA som består av Andreas Landro Asprusten, Oda Mosnes Mæland og Akram Albakkar.

Me gratulerer vinnarane og takker alle elevane for ein fantastisk innsats.

A-laget frå Forsand skule saman med varaordførar i Sandnes kommune Kristoffer Birkedal

AOA frå Hjelmeland ungdomsskule saman med ordførar i Hjelmeland kommune Anita Husøy Riskedal

Rogaland Sparebank er med på laget!

Me satsar på Ryfylkeungdomen!

Ungdomen er framtida, og me bryr oss om ungdomen i Ryfylke! Hjelmeland Sparebank har vore med når Ryfylkealliansen har invitert til Ryfylkequiz, heilt sidan 2016. Det er veldig stas å få vera med når 8. klassingane konkurrerer om kven som veit mest om regionen dei bur i.

Me har late oss imponera over alt ungdomen kan og engasjerer seg i når det gjeld Ryfylke. Det er viktig for oss som stolt lokalbank å få vera med og bidra til at ungdomen motiverast til å tileigna seg meir kunnskap om Ryfylke, og gir mellom anna pengepremie til dei tre beste laga i quizen.

Ryfylke er ein fantastisk plass å bu, og det største ønsket vårt er at ungdomane ser føre seg ei framtid her. Reis gjerne ut og skaff dykk opplevingar og utdanning, men me håpar at dagens ungdom ser alle moglegheitene som er i Ryfylke, og at dei får lyst til å busetja seg her i framtida.

Neste gong me møter quizfinalistane, spør de gjerne om lån til å etablere seg i Ryfylke. Då vil me i Rogaland Sparebank satse på dykk igjen, og håpar me blir dykkar bank for framtida. 

Kathrine Svalestad Veland
Banksjef Rogaland Sparebank, avd. Ryfylke

Ryfylkequizen blir gjort mogleg av:

Sauda kommune

Suldal kommune

Hjelmeland kommune

Strand kommune

Sandnes kommune

Stavanger kommune

Vinnarar av Ryfylkequiz:

2026 – Tau
2025 – Finnøy
2024 – Finnøy
2023 – Tau
2022 – Sand
2021 – Hjelmeland
2020 – Sauda
2019 – Hjelmeland
2018 – Hjelmeland
2017 – Tau
2016 – Sand

Pensum 2026

CLOSE ACCORDION
Samarbeidspartnarar

Ryfylkequizen blir gjort mogleg av:

 

Sauda kommune

Suldal kommune

Hjelmeland kommune

Strand kommune

Sandnes kommune

Stavanger kommune

Vinnarar

Vinnarar av Ryfylkequizen:

2026 – Tau
2025 – Finnøy
2024 – Finnøy
2023 – Tau
2022 – Sand
2021 – Hjelmeland
2020 – Sauda
2019 – Hjelmeland
2018 – Hjelmeland
2017 – Tau
2016 – Sand

Pensum 2026
Sending 2026