Skulefinalane rundt omkring i Ryfylke er nå gjennomført, og me har ni finalelag som er klare for den store Superfinalen som skjer på Hjelmeland 27. mai!
Elevane har gjort ein kjempeinnsats inn mot skulefinalane. Det var stort engasjement og høgt nivå. Me let oss imponera over all kunnskapen dei har tilegna seg på denne tida. Dei har god kontroll på ordførarar, kommunevåpen, mat, folk, historie og næring i regionen vår.
Så nå er det altså desse ni laga som skal jobba vidare fram mot den avgjerande quizfinale der dei representerer skulen sin. Dei er godt i gang med øvinga allereie. Me gler oss til å møtast igjen på Hjelmeland, og ønskjer alle lukke til med arbeidet framover.
Og du – hugs då å få med deg den direktesendte finalen 27. mai kl. 12.00 her.
Under kan de sjå dei ni laga som har komt seg heile vegen til finalen.









