Kva må til for å få ryfylkeungdom heim igjen etter studietida?

31 mai, 2024

Dei trivest særs godt i Bergen by, desse ryfylkeungdomane me møtte då me var og sjekka pulsen i Bergen tidlegare i mai. Dei har alle valt å reisa vekk frå Ryfylke for å studera, men vil dei koma heim igjen og busetta seg her etterpå? Trond Sandvik frå Sparebanken Vest fortel at er det noko banken ønskjer, så er det nettopp å hjelpa ungdomar til å koma heim igjen. For då må dei har ein plass å bu og ein plass å jobba. Er næringslivet variert nok og buplassane overkommelege i pris? Me heiar på utdanning og me heiar på ungdomane våre! Heldigvis trivest dei godt der dei studerer over fleire år, og så skal me gjera vårt for at Ryfylke er ein attraktiv plass å koma tilbake til. Og forresten … Når me allereie var i Bergen, så måtte me også sjekka kva bergensarane veit om Ryfylke. “Ryfylke, kor då liksom?”

Sverre Fossdal, Serine Oftedal og Katrine Kjellevold

Stine Drange Braathen og Thea Vignes

Pelle Tijhuis