Ung jobbrekruttering

29 apr, 2024

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no

Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på – at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange ungdomar ønskjer å ha ein sommarjobb som gjev dei ei eiga inntekt til båtbensin og sommaris. Og kanskje sparepengar inn i vaksenlivet. Men kanskje viktigast av alt – arbeidserfaring!

Før jul blei portalen sommarjobben.no publisert og er nå ei nettside som har samla oversikt over utlyste stillingar frå bedrifter i Ryfylke, og ungdomar som ønskjer å jobba i sommar. Me har tatt ein prat med Joel Nag (biletet over) og Anne Bratthammer som var med då idéen blei skapt, Nina Fjellskaalnes som held i trådane nå, verksemder som er på jakt etter sommarvikarar, og ungdom som skal ut og prøva arbeidslivet i sommarferien.

Anne Bratthammer og Nina Fjellskaalnes administrerer sommarjobben.no