Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

5 mar, 2024

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? 

Ein av dei me tok ein prat med, er Julie frå Tau. Ho studerer på UiS og pendlar med buss. Julie kjemmed ei oppfordring om at ordninga gjeld for ungdom til og med 25 år, og dette hadde ho gode argumenter for. 

Me har også snakka med dei som har vore med og bestemt at ungdomane skal få gratis ungdomskort, samt nokon som har prøvd ordninga før. Og så, kva synest eigentleg ungdomane på Finnøy i Stavanger kommune om at dei ikkje får vera med på dette? For dei har allerede prøvd ei slik gratisordning då deira kommune hadde gratis kollektivreiser for alle innbyggjarane.