Saknet til Ryfylke blei for stort

27 sep, 2024

Det var akkurat det som skjedde då Giedre Balciunaitiene flytta heim til Litauen med
familien sin.

Sjølvsagt sakna dei familien i Litauen, for det var jo der alle var. Derfor valde Giedre og familien å reisa tilbake til heimlandet sitt. Det tok derimot ikkje meir enn eit år før dei var tilbake igjen i Ryfylke og Strand kommune. For saknet etter Ryfylke blei også stort. Det var noko med heile livsstilen her som trefte familien på fire så godt. Giedre angrar ikkje eitt sekund på at dei flytta tilbake til Norge igjen. Tenk å ha turmoglegheiter rett utanfor døra, samtidig som det er nært sentrum og by. Og så arbeidsplassen Westcontrol då, den har stor betydning for at Giedre trivst. På biletet over ser me Giedre saman med dottera Saule.

Westcontrol, som ligg på Tau i Ryfylke, har vakse til å bli ein stor arbeidsplass for over to hundre personar frå fleire land. Ved sist oppteljing var det 14 land representerte i bedrifta. Det er gjennomgåande god stemning blant arbeidarane, dei skryt av godt arbeidsmiljø og trivsel på arbeidsplassen, som er eit systemhus innan elektronikk. Kvart år tar bedrifta inn lærlingar som har sitt opplæringsløp hos dei. Me har tatt ein prat med to av årets lærlingar, Benjamin Matias Thu Jakobsen og Jonathan Halladjian (biletet under). Det er inga tvil om at dei unge set pris på læreplassen sin og korleis dei blir inkludert i kollegiet. Administrerande direktør i Westcontrol, Leif Petter Skaar, er stolt over kollegane sine. – Me har dyktige fagfolk som veit kva dei driv med, seier han. Å halda på gode tilsette er viktig for Westcontrol, og Leif Petter er klar over at det er fleire faktorar som spelar inn når ein skal finna seg jobb og slå seg ned i området. For nokon har med seg ein partnar, og deira trivsel er også viktig. Dette er verksemda bevisst på, og Leif Petter tenkjer at bedrifter må hjelpa til dersom det er nødvendig. Det kan vera å sjå på moglegheita for å tilby den andre jobb, eller å finna andre bedrifter i nærleiken som kan ha behov for deira arbeidskraft.

Me har tatt pulsen blant tilsette ved Westcontrol på Tau. Kva er det eigentleg dei driv med i denne bedrifta? Kva gjer at Westcontrol har så gode tilbakemeldingar på trivsel og arbeidsmiljø? Og korleis ser Leif Petter på framtida? Få me deg vår nyaste sending av Ryfylkepuls!


Sendinga ser du her.

https://www.youtube.com/watch?v=Y3SpN5uXq78

Programleiar Maria saman med lærlingane Jonathan og Benjamin