Dei kunne ha valt heilt andre vegar. I staden satsar Filippa og Karoline på reiselivet i Suldal og Ryfylke, som sjefar på kvar sin kant.
Filippa Engstrøm Grahn har overtatt som dagleg leiar på Mo Laksegard på Sand. Karoline Garborg Pettersen er ny hotellsjef på Jelsa Hotell. To unge kvinner med ulik bakgrunn, men med noko viktig til felles: Dei ser moglegheitene i Ryfylke og har lyst til å vera med og skapa noko.
– Det er ei stor forandring frå det eg er vane med. Færre folk og møje natur, slår Filippa fast.
For Filippa starta likevel forholdet til Suldal lenge før ho tok over som leiar på Mo Laksegard. Ho kjem frå Stavanger, men har vakse opp med turar inn til Suldal. Etter kvart har ho blitt stadig meir glad i plassen. Ho trekkjer fram roen, naturen og alt det kjekke ein kan finna på som noko av det som gjer Suldal så attraktivt. No har ho har tatt steget og blitt ein del av næringslivet i bygda. Det er eit familieprosjekt med Filippa i førarsetet. Ho trivst best når flest mogleg frå familien er med på laget.
– Eg har på mange måtar kome heim igjen, seier Karoline på Jelsa.
Karoline har vore borte i fleire år medan ho tok utdanning, og er nyutdanna arkeolog. Planen var eigentleg å ha sommarjobb på Jelsa Hotell. Ho kom ut frå jobbintervjuet med noko ganske anna – ei stilling som dagleg leiar.
Etter fleire år borte kjenner Karoline at det var godt å koma heim igjen til Jelsa. Etter å ha budd i storbyar, var det tid for å busetja seg i heimbygda. Karoline har flytta inn i ein flunke ny bustad som ho leiger av Suldal kommune gjennom ordninga “Prøvebu i Suldal”. Ho skryt av ordninga og har plan om å kjøpa huset etter tre år, som er ein del av konseptet.
– Prøvebu i Suldal er ein måte å få folk til å koma og bu i Suldal. Det er ei unik ordning, meiner Bente Tednes Gjil. Ho er einingsleiar for organisasjon og innbyggarkontakt i Suldal kommune.
Karoline ser føre seg eit liv som jelsabu og har eit tydeleg mål for Jelsa hotell:
– Eg ønskjer å skapa ein møteplass som ikkje berre er for tilreisande, men som også blir ein naturleg plass for dei fastbuande på Jelsa. Ein stad der det skjer noko, og der det er godt å vera.
Denne sendinga av Ryfylkepuls handlar om unge menneske som ser verdiar og moglegheiter i Ryfylke – og som vågar å gripa desse.
Sjå Ryfylkepuls her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no




