Omsorg og arbeidsglede

16 okt, 2026

– Eg prøver å ta vare på dei eg jobbar saman med, seier Palma Lis Høyvik. Ho har arbeidd ved Avanti Ryfylke på Jørpeland sidan 2003. Palma, samt kollegaene Sophie Adams og Kristian Larsen er våre gjestar i den nyaste utgåva av podkasten På Ekta. Me lovar eit ærleg møte om både jobb og fritid, linedans, fotball, puffa ris, samt rein og urein sone!

– Me gjer ein god jobb for næringslivet, kommunale sjukeheimar og butikkar, slå Kristian Larsen fast. Han har full kontroll på køyrelistene frå Hjelmeland i nord til Forsand i sør. Golvmatter, arbeidstøy, sengetøy, handklede, klutar og kva det skal vera blir transportert fram og tilbake. Skitent til Avanti Ryfylke og reint ut igjen.

Ved Avanti Ryfylke finn du 50 engasjerte medarbeidarar ved det som er ei arbeidsmarknadsbedrift. Det er stor variasjon og omfang når det gjeld kva dei tilsette held på med. Trearbeid, montering, vaskeri og reingjering av handlevogner, for å nemna noko.

– Nå må du halda meir avstand her inne på urein sone, kjem det tydeleg frå Sophie Adams når podkastvert Tor Øyvind Skeiseid intervjuar inne på vaskeriet. For arbeidet er både regulert og avansert. Både ho og Palma Lis Høyvik stortrivst på vaskeriet.
– I tillegg er me sosiale saman på fritida. Me var nettopp 27 kollegaer som var ute og åt på restaurant i lag, fortel Palma, som elles er lidenskapleg interessert i idrett.

– Det er ekstra kjekt å sjå kampar til Staal Jørpeland, spesielt a-laget. Trenaren til a-laget jobbar her på Avanti Ryfylke, og eg har måtte muntra han opp ein del denne sesongen, smiler Palma Lis Høyvik.

– Jo det er greitt å bu på Jørpeland. Men, eg er jo frå Tau, og ein gong taurar alltid taurar, kjem det tydeleg frå Kristian Larsen, som blir blank i augo når han får snakka om mølla på Tau og puffa ris.

Gled deg til eit herleg møte med Kristian, Sophie og Palma på ein fantastisk arbeidsplass på Jørpeland. Ja, ein arbeidsplass med både iver, arbeidsglede, djup konsentrasjon og rom for å stressa sjefen litt.

Podcasten På ekta høyrer du på Spotify, Apple Podcast eller her: Podcasten: På Ekta – Ekta historier frå Ryfylke – ryfylkealliansen.no

Palma Lis Høyvik

Kristian Larsen

Sophie Adams