Høgt, lågt, mørkt og moro på fritida

25 sep, 2026

Sosialt liv etter skuletid? Absolutt. For er du elev ved Sauda vidaregåande skule, er kvardagen langt meir enn skule, lekser og prøvar. Fritidstilboda er eit av fortrinna med å gå på skulen. I Ryfylkepuls blir det klatring, mekking, gruvevandring, pizzagleder og ung fritidsdrøs!

For mange ungdommar er vidaregåande skule starten på eit nytt liv. Nye klassekameratar, nye fag – og for mange også ein ny plass å bu. Mange flyttar inn på hybel eller Campus for å gå på Sauda vgs. Visste du forresten at halvdelen av elevane på skulen kjem frå andre stader enn Sauda og Suldal. Ja, frå over 50 ulike kommunar. 

Jessica Meline Helle kjem frå Stavanger og er ein av elevane som har flytta til Sauda for å gå på skule. Ho stortrivst med kvardagen i den lille byen. – Det er alltid noko å gjera og nokon å koma heim til, seier Jessica.

– Då er ekstra viktig at det finst noko å gjera også når skuledagen er over, fortel Arnhild Marie Hauge Aarhus, som er avdelingsleiar ved Sauda vgs og legg til:
– Skulen er med og legg til rette for at elevane skal ha eit sosialt liv også etter skuletid. Det kan vera mekkekveldar, elevkveldar og ulike aktivitetar. Om vinteren går det også transport til skisenteret, slik at elevane kan koma seg i bakken etter skuletid.

For dei som bur på Campus, blir det sosiale kanskje endå meir synleg. Her bur 30 elevar, og internatet blir ein naturleg møteplass i kvardagen. Når ein først bur saman, er det heller ikkje langt frå «kva skal me finna på i kveld?» til at noko faktisk skjer. Det kan vera filmkveld, matlaging, gaming, trening, tur til Andedammen – eller berre ein god drøs.

For elevane som har flytta til Sauda, handlar det dermed om meir enn å finna ein stad å bu. Det er viktig å finna folk å vera saman med, aktivitetar å delta på og ein kvardag som kjennest som meir enn skule og lekser.

Sauda vgs er eit godt eksempel på å leggja til rette for at ungdom som kjem flyttande til Ryfylke, ikkje berre skal gå på skule her – men faktisk også kjenna at dette er ein plass det er godt å vera.

Få med deg vår nyaste utgåve av Ryfylkepuls, med ung fritidsglede i fokus: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no