Store endringar treng ikkje vera farlege! Ho blei mor som 16-åring, utan at det blei eit stort hinder. Ein trøkk i jobblivet fekk henne ut på tur. Og motgang som gründer skremmer henne ikkje til å starta noko nytt. Møt Helene Austbø frå Rennesøy, som først og fremst ønskjer å byggja robuste lokalsamfunn. Bli med på tur!
– Eg har lært at eit vanskeleg utgangspunkt kan bli til noko bra. Du må jo velja korleis du tar situasjonen du er i, understrekar Helene Austbø.
Ho er opphavleg frå Husnes i Sunnhordland, og var eit aktivt og målretta barn. Alt som 12-åring visste ho kva ho skulle bli når ho blei stor, inspirert av utekontaktane på Husnes.
– Då visste eg at eg skulle bli barnevernspedagog, smiler Helene, og nett slik blei det.
Men, det var likevel ikkje «beine vegen» for den målbevisste ungdomen frå Kvinnherad. 16 år gammal blei Helene mor til ein gut.
– I ei lita bygd blei det jo litt snakk og heva augnebryn. Men, det gjekk i grunnen utruleg godt. Eg levde eit nokså vanleg liv, sjølv om det var ein del av ungdomslivet eg ikkje kunne få med meg, fortel ho.
I dag er sonen 25 år, og Helene på 41 år blir farmor i haust.
20 år gammal flytta ho til Stavanger og starta på utdanninga som barnevernspedagog. Ferdig utdanna blei det fleire år som pedagogisk leiar i barnehage, samt flytting til Rennesøy der ho og mannen har to gutar.
– Det å flytta til Rennesøy var som å koma heim. Eg blei utruleg godt tatt imot, slår Helene fast.
I podkasten På Ekta får me ikkje minst bli kjent med gründer Helene Austbø.
– Eg hadde ikkje meir å gje i barnehagen. Så eg fekk jobb som nattevakt, noko som igjen gjorde at eg fekk mykje tid til å gå på tur. Då snakkar eg om tur både for meg sjølv, men også med ungane våre, forklarer Helene.
Så ein miks av turglede, koronarestriksjonar og kreative tankar, førte til bedrifta Happy Hikers, som igjen har avla Blizbi. Forvirra? Ikkje om du høyrer denne utgåva av podkasten vår. Kort fortald vil Helene ha folk ut, både i naturen og på arrangement og opplevingar i nærområdet. Og Helene vil hjelpa folk til å finna det dei leiter etter.
Bli med på tur med ei modig kvinne, men med frykt for kyr, høgder og songframføring.
Du høyrer podkasten på Spotify og andre kanalar – sjå meir her: Podcasten: På Ekta – Ekta historier frå Ryfylke – ryfylkealliansen.no
