Rune Stangeland er årets vinnar av Pilt-Ola prisen 2026. Med ei familiebedrift med røter tilbake til 1854 har han gjennom mange år bidrege til arbeidsplassar, aktivitet og fellesskap i Forsand.
Under Ryfylkekonferansen på Arena Utsyn blei Pilt-Ola prisen delt ut for tiande gong. Denne gongen til ein kjøpmann som ser moglegheiter der andre ser avgrensingar, og som legg ned ein ekstraordinær innsats for lokalsamfunnet og utviklinga av Lysefjorden som reisemål.
Stangeland fekk ansvaret for verksemda som 18-åring og har sidan vidareutvikla ho. Gjennom Joker-butikken og Lysefjorden Marina har han skapt arbeidsplassar, møteplassar og eit viktig servicetilbod for lokalbefolkninga.
Engasjementet hans strekkjer seg likevel langt utover rolla som kjøpmann. Stangeland er eit medmenneske med eit stort hjarte for dei rundt seg, og han legg til rette for aktivitetar og opplevingar som skaper liv og samhald i lokalsamfunnet.
Gjennom fleire år har han våga å satse på konsertar og kulturarrangement i Forsand, med kjende artistar som Vamp, Postgirobygget og Bjørn Eidsvåg på plakaten. Ved å ta risiko og investere i kulturopplevingar har han bidrege til å skape attraktive møteplassar og gode opplevingar for både fastbuande og tilreisande.
Rune Stangeland vågar å satse, står i vala sine og gir seg ikkje når utfordringane kjem. Gjennom engasjementet sitt er han med på å halde ei lita bygd levande, utvikle lokalsamfunnet og styrkje Lysefjorden som destinasjon.
Rune er ein verdig vinnar av Pilt-Ola prisen 2026.
