Sydpolen, Tyskland, Årdal og Ryfylke – ei god blanding!

28 feb, 2025

Ho er den yngste polfararen som har gått åleine til Sydpolen. Han har vore på Grüne Woche i Berlin og servert mat til menneske. Ho hadde med seg 100 kg bagasje til saman på tur, inkludert mat for 55 dagar. Han hadde mellom anna med seg 150 kg laks frå Mikals laks til Tyskland. Om opplevingane er ulike, er det inga tvil om at dei begge er to inspirerande ungdomar. Og dei er begge frå Årdal i Ryfylke!

Karen Kyllesø (21 år) kjem frå ein turglad familie og blei tidleg tatt med ut på tur i beremeis. Ho har gått mange turar i langrennsløypene, og i 2016 gjekk ho som 14- og 15-åring over Grønland. Undervegs sett ho seg eit nytt mål; denne gongen ville ho gå til Sydpolen! Åleine! Ho starta opptreninga og planlegginga, og var heile tida målbevisst. Dette var noko ho verkeleg ville visa ho kunne klara. Etter seks år med planlegging var ho klar til å ta fatt på reisa til Sydpolen. Turen er på 1 130 km. Gjennomsnittstemperaturen var på 25 minusgrader, og Karen kan fortelja om ein bitande kulde og mykje vind. Karen Kyllesø nådde Sydpolen 13. januar i år. Då hadde ho gått 54 dagar på tur heilt åleine – og ho klarte målet sitt! Nå reiser ho rundt og har foredrag for å fortelja om opplevinga si, og ho delar erfaringar med oss i Ryfylkepuls.

Emil Riskedal (18 år) har alltid likt å laga mat. Han gjekk Restaurant- og matfag på Jåttå vidaregående skule og er i dag lærling ved Smaken av Ryfylke på Hjelmeland. I januar var han med dagleg leiar av Smaken av Ryfylke, Sebastian Schläwicke, til matmessa Grüne Woche i Berlin i Tyskland. Der laga dei mat for Fjord Norge-standen, med dei flottaste rettar med lokal mat frå produsentar i Ryfylke og Vestlandet. Ei stor oppleving for lærling Emil. Men, han har også andre store opplevingar å fortelja om. For i 2024 blei han kasta inn i sjefsrolla for matlaging ved Hjelmeland sin stand under Gladmatfestivalen i Stavanger, då sjefen sjølv blei sjuk. Emil stilte med eigen rett og fekk både terningkast 5 og 6 frå meldarane. Saman med Sebastian Schläwicke og Jim Methawong serverte Emil nydelege rettar då Ryfylkepuls var på besøk hos Smaken av Ryfylke på Hjelmeland i februar.

Ryfylkepuls har sjekka ryfylkepulsen til Karen og Emil, men også andre inspirerande personar. Me skal på besøk på gardsysteri, inn på kjøkkenet og få vita meir om Ryrekrutt.