Kva skjer når Ryfylkepuls-laget drar opp mot himmelen? Du får ei sending utanom det vanlege. Med vind i håret og kamera i handa, gjekk turen denne gongen rett opp i lufta – med helikopter – for å oppleva Ryfylke i fugleperspektiv.
Programleiar Maria hadde aldri før vore på helikoptertur, men nå var tida komen. Det einaste ho visste på førehand var at ho skulle flyga i helikopter med Fonnafly. Tor Øyvind hadde lagt planen bak hennar rygg. Alt av innhald var hemmeleg. Nå kan du oppleva Ryfylke frå lufta. Frå blå fjordar til kvasse fjelltoppar. Frå små bygder til større tettstader. Denne sendinga byr på ei reise spekka med overraskingar – både for den eine programleiaren og for deg som ser på. Undervegs landar me fleire stader i Ryfylke, og møter folk som brenn for lokalsamfunnet sitt, viser fram sine prosjekt og deler sine historier.
Å sjå Ryfylke frå lufta gir eit heilt nytt utsyn og innblikk i kor variert og flott regionen vår er. I sendinga får du opplevingar og bilete ein berre kunne drøyma om – heilt til du ser det sjølv.
Har du også lurt på korleis Ryfylke ser ut frå lufta? Sendinga ser du her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no
Og hugs: Nå kan du også sjå Ryfylkepuls på tvvest.no.

Anita Nedrebø og Lars R. Fosstveit, Sauda Skisenter

Gjengen ved Sølvsmeden på Finnøy

Anbjørn Vaage serverer Maria F. Sivertsen nydelege kråkeboller frå Joker Erfjord