Trygg frå scenen

17 okt, 2025

Beethoven, Brendeland, ungdomspolitikk og ammoniakkfabrikk. 18 år gamle Ingrid Fatnes frå Sauda er verken redd for å spela, syngja, leia eller meina. Enten det er frå scenen, i eit ungdomsråd eller gjennom eit lesarinnlegg. Og engasjementet er godt over middels, med verv i søkk og kav.

– Eg likar merksemd, men eg må ikkje alltid ta rommet, fortel 18-åringen i vår nyaste utgåve av podcasten på Ekta. Ingrid Fatnes går tredje klasse ved Sauda vgs, og har nok av verv. Ho er leiar i ungdomsrådet i Sauda, sit i ungdomsstyret i Ryfylke, er med i Ungdomen sitt fylkesråd i Rogaland, og har til og med hamna som nestleiar i Statsforvaltaren sitt ungdomspanel. Verken meir eller mindre. – Det har alltid vore friske diskusjonar heime, forklarer Ingrid, som har fire yngre søsken, mor som lokalpolitikar og far som ei tid var kommunedirektør i Sauda. Sjølv blei Ingrid med far til Arendalsveka i august, for å høyra på politiske debattar. Atypisk for attenåringar.

– Ingrid er ein mønsterelev, konstaterer Eli-Jorun Tangeraas, som er kulturskulerektor i Sauda. – Ho er både ein dyktig pianist og utruleg flink som konferansier frå scenen, slår rektoren fast.

Tonar frå Beethoven og Chopin trillar lystig ut frå det hundre år gamle Steinway-flygelet når Ingrid spelar når På Ekta er på besøk i Storesalen i Folkets Hus. Ti år med pianoundervisning har så visst sett spor. Ingrid Fatnes meistrar musikken, matematikken og andre oppgåver. Men, er ho slik flink pike, som får til alt av seg sjølv?

– Me i ungdomsrådet meiner eldrebølgja er farlegare for Sauda enn ammoniakkfabrikken, utbryt leiar Ingrid. Ein aldri så liten brannfakkel. Korleis kan ho seia noko slik, i det som er blitt ein heftig og betent sak i Sauda?

Bli kjent med Ingrid, hennar kvardag og framtidstankar i den aller nyaste utgåva av podcasten På Ekta. Du høyrer podcasten på Spotify og andre kanalar – sjå meir her: Podcasten: På Ekta – Ekta historier frå Ryfylke – ryfylkealliansen.no