Eventyrskogen fyllest med julestemning

18 des, 2025

Kva gjev vel meir julestemning i Ryfylke enn bålfyring, julenisse, julegraut, forventingsfulle ungar, gladlaks, julemusikk og eit skikkeleg eventyr?

Sjølvsagt blei det fullklaff med førjulssending av Ryfylkepuls i Eventyrskogen. Ryfylkepuls har saman med eit knippe ryfylkingar vore på besøk hos Eldfinn Austigard i Eventyrskogen i Årdal. Figurane i skogen har venta ei stund på å få nisselua på, og nå har Eldfinn kledd dei alle opp til juletida. Elevar ved Årdal skule fortel dei er ofte i skogen med både familie og skulen. Barna synest det er ein imponerande jobb av “mannen som har laga det”, og dei har ein klar favoritt blant figurane!  Men, kven er det?

Sjølv om det både regna og bles under innspelinga, var det tørt og koseleg inne i gapahuken. Bålet knitra, musikken fylte krik og krok, smil og latter satt laust, og grauten smaka ekstra godt denne dagen. Den eine gjesten vår, Maren Fossaa Viga ved Mikals laks har travle dagar for å få levert røykelaks til alle som vil ha til julelunsjen eller –frukosten. Me fekk prøva laks som tilbehøyr til grauten, og kan varmt anbefala det vidare.

Noko anna som varma var julesongen, frå både to eldre herrar frå Hjelmeland og … Det lyser i stille grender frå barn. Gled deg til verdspremiere på vårt mangfaldige barnekor, med barn frå åtte barnehagar frå heile Ryfylke. Snakk om julestemning.

Og du, Sparebanken Norge sin julenisse kom også på besøk. Med gåve både til ungane og til oss i Ryfylkealliansen. Sjå sendinga for å få med deg kva gåvene var. Me kan røpa såpass at det var til stor glede for både ungane og reporterane i Ryfylkepuls.

Sjå sendinga her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no

Og du: Du kan nå sjå Ryfylkepuls på TV Vest – Forside